• Bedrift
    Nortura
  • Søknadsfrist
    09.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Bransje
    Næringsmidler - En gros
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Førde
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6659002
  • Se her for andre jobber fra Nortura
Ledig stilling

Nortura

Sesongarbeidere

Næringsmidler - En gros

Hos Nortura Førde treng vi ekstra folk i ein travel og viktig sesong. Dette kan vere ei fin moglegheit for deg som vil prøve noko nytt, få arbeidserfaring og bidra til norsk matproduksjon.

Kva går jobben ut på?

Frå slutten av august til rundt 1. november har Nortura Førde ein av årets mest hektiske periodar. I løpet av sesongen skal vi ta imot og handtere store mengder sau og lam, og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra der det trengst.

Arbeidsoppgåvene kan vere innan slakteområde, fjøs, skjering, pakking, salgshall, logistikk eller andre delar av produksjonen. Du treng ikkje å ha gjort dette før – vi gir deg opplæringa du treng for å kome trygt i gang.

Vi ser etter deg som:

  • er over 18 år
  • møter presis og er til å stole på
  • trivst med fysisk arbeid og likar å ta i eit tak
  • samarbeider godt med andre
  • kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • er positiv, nysgjerrig og klar for å lære

Det viktigaste for oss er ikkje kva du kan frå før, men at du har god arbeidsinnstilling og lyst til å bidra i teamet.

Hos oss blir du ein del av eit miljø der folk hjelper kvarandre, og der du får praktisk erfaring du kan ta med deg vidare.

Dette får du hos oss:

  • ein praktisk og aktiv jobb i ein viktig del av norsk matproduksjon
  • full opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
  • god arbeidserfaring du kan bruke vidare
  • eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt tempo og godt samhald
  • tariffløn
  • tilgang til kantine, medlemsbutikk og trimrom

Høyrdest dette ut som noko for deg? Send oss ein søknad og fortel kort kven du er, når du kan jobbe og kvifor du har lyst på sesongjobb hos Nortura Førde.

 

  • Bedrift
    Nortura
  • Søknadsfrist
    09.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Bransje
    Næringsmidler - En gros
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Førde
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6659002
  • Se her for andre jobber fra Nortura