• Bedrift
    Statkraft AS
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Kraftproduksjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6868, GAUPNE
    LUSTER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4621549
  • Se her for andre jobber fra Statkraft AS
  • Oppdatert 14.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Statkraft AS

Service- og administrasjonsmedarbeidar

Kraftproduksjon

Region Midt-Norge er ein del av Statkraft sitt internasjonale miljø for drift og vedlikehald av kraftverk. Vi er ein av tre produksjonsregionar i Statkraft i Norge. Regionen har ansvar for 32 kraftverk og sju vindparkar i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Regionen har litt over 200 tilsette, av desse arbeider ca. 50 ved regionkontoret i Gaupne i Luster kommune.

Har du bakgrunn frå kontor- og administrasjon? Kanskje er du vår neste kollega?

Vi søker Service – og administrasjonsmedarbeidar i mellombels stilling i to år med oppmøtestad Gaupne.

Din rolle i region Midt-Norge: 

  • Administrative støtteoppgåver ved regionskontoret
  • Ansvar for koordinering av administrative støttefunksjonar i regionen
  • Avlaste og støtte organisasjonen, for å bidra til effektiv drift
  • Støtte prosjekt- og driftsorganisasjon med prosjekt- og innkjøpsoppgåver og ressurskoordinering
  • Arkiv- og informasjonsoppgåver

Din profil: 

  • Fagutdanning innanfor service-, eller kontor/-administrasjonsfag, eller
  • Utdanning på bachelornivå innan organisasjonsfag, økonomi/administrasjon eller liknande.
  • Du evner å planlegge og sjølvstendig organisere eige arbeid 
  • Du leverer gode resultat og møter kundeforventningar 
  • Du er nysgjerrig, søker og deler erfaring og bidrar til forbetringar
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B

Kvifor Statkraft? 

Statkraft er Europas største leverandør av fornybar energi og ein vesentleg aktør for eit meir klimavennleg energisystem. Berekraftig og ansvarleg åtferd skal vere kjenneteikn ved Statkrafts verksemd. Vi jobbar for eit lågt klimafotavtrykk og har openheit om berekraftprestasjonar. Statkraft søker å balansere omsynet til klima, samfunn og miljø.

 

Men det er meir arbeid som må gjerast – difor treng vi deg!

 

Kva tilbyr vi?

Statkraft tilbyr konkurransedyktige tilsetjingsvilkår og ytingar, og vi er ein påliteleg arbeidsgjevar som set sikkerheita til våre tilsette først. Vi trur at eit trygt og sunt arbeidsmiljø er eit spørsmål om val, ikkje tilfeldigheiter. 

Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og-tenester i fleire land. Søker må difor vere eigna for tryggleiksklarering og -autorisasjon.

 

Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med leiar for utvikling, Guro Gravdehaug, mob 47663011, eller HR-partner Tor Arne Hov mob 47304400.

Send skriftleg søknad med CV gjennom «Ledig stilling» i www.statkraft.no innan 05.06.2022

 

  • Bedrift
    Statkraft AS
  • Søknadsfrist
    05.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Kraftproduksjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6868, GAUPNE
    LUSTER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4621549
  • Se her for andre jobber fra Statkraft AS
  • Oppdatert 14.05.2022