Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Seniorrådgivar brukarinnsikt og analyse

Offentlige tjenester og forvaltning

UDI er i ein omstillingsfase, der gode brukaropplevingar og kortare ventetider står sentralt. Denne stillinga blir viktig for å nå målet i strategien vår, om at vi skal jobbe systematisk med å forstå brukarane sine behov og utvikle effektive tenester i tråd med dette. Kvart år får om lag 90 000 personar søknaden sin behandla av UDI. Måten vi møter dei på, spelar ei viktig rolle i livet deira.
 
Stillinga vil vere knytt til UDI-Kommunikasjon, som frå nyttår blir 24 medarbeidarar. Vi vil da etablere eit tverrfagleg team som skal jobbe med brukarinnsikt og analyse, med kompetanse frå ulike delar av organisasjonen. Frå før har vi ein nettredaksjon, eit team for presse og samfunnskontakt, eit for intern kommunikasjon og eit team retta mot ikkje-digitale søkjarar. Vi får dessutan ei språkeining for tolking og omsetting.

Kvalifikasjoner:

  • relevant høgare utdanning på masternivå (lang og brei erfaring kan kompensere for kravet)
  • relevant erfaring med brukarinnsikt og analyse, som bidreg til utvikling av effektive brukartenester
  • gode analytiske evner
  • erfaring frå team- eller prosjektleiing
  • erfaring med å gjennomføre ulike typar brukarundersøkingar og brukartestar
  • kompetanse på bruk av digitale analyseverktøy
  • kompetanse på tenestedesign vil vere ei føremon
  • dokumenterte resultat frå same type stilling vil vere ei føremon 

Personlige egenskaper:

  • Analytisk og med gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og serviceinnstilt teamleiar
  • Evne til å få med deg organisasjonen på å tenke nytt om brukarinnsikt og tenesteutvikling
  • God forståing for tenestedesign og digital tenesteutvikling
  • God forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag

Vi tilbyr:

  • Rollen som teamleiar i ei ny satsing på å betre og utvikle gode tenester til UDI sine søkjarar, der solid brukarinnsikt og analyse spelar ei sentral rolle.
  • Ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar.
  • Stillinga blir lønna som seniorrådgivar i lønnsspennet 650.300 kr til 776.900 kr. Høgare løn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar. Frå lønna trekkjer vi to prosent innskot til Statens pensjonskasse. 

Du må leggje attestar og vitnemål inn i portalen saman med søknaden. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, vil bli bedne om å sende lenkje til Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Viss du har utdanning frå utlandet, ber vi om attest frå Nokut.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen viss du har funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.