• Bedrift
    BKS Konsern
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Rådgivende ingeniører
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5412, STORD
    STORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Stord, Odda, Bergen
  • Antall stillinger
    4
  • Kompetanseområder
    • Ingeniør
    • Prosjektledere
  • karriere-kode
    5904135
  • Se her for andre jobber fra BKS Konsern

Spørsmål rettes til

Roger Sætereng
tlf: 92215303

Ledig stilling

BKS Konsern

Senioringeniørar / ingeniørar til varierte oppgåver som del av eit lite team med høg kompetanse

Vi søkjer senioringeniørar/ingeniørar på Stord, Sunde, Odda og i Bergen

Rådgivende ingeniører

Vi søkjer senioringeniørar og ingeniørar til våre kontor i Sunde, Odda, Stord og Bergen. Om du er ute etter ei spennande og variert stilling i eit lite og veletablert ingeniørmiljø håpar vi å høyre frå deg.

På sikt ønskjer vi å byggje eit miljø med både erfarne og nyutdanna, men no er vi nøydde til å finne kandidatar med noko ingeniørerfaring.


 

Hos oss vil du jobbe med varierte oppgåver gjennom heile prosjektkjeda, der det somme gonger krevst at du jobbar sjølvstendig og andre gonger at du er del av team enten internt i Zenit eller hos kunde. Du må vere villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Tidvis vert arbeidet utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid må ha fokus på.

Kundane våre inkluderer store aktørar som Aker Solutions, Boliden og Hydro der vi jobbar med både langvarige utleiger og mindre prosjekteringar, og i tillegg har vi ei lang rekkje store og små prosjekteringsprosjekt for ei rekkje kundar hovedsakelig i Sunnhordaland og Ullensvangregionane. Vi ønskjer å bygge vidare på dette og også utvide kundegruppa vår på Stord og i Bergen etter å ha opna kontor der i år. Saman med dei andre selskapa i BKS-konsernet ser vi også på å ta på oss større prosjekt der Zenit vil vere ein viktig brikke i både utviklinga og prosjektleiing.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte konstruksjon, design, analyse, berekning, prosjektering, feltbefaring, 3d scanning og disiplinansvar, og fleire av våre kundar har behov for dyktige prosjektleiarar i alle faser av prosjekta sine.

Du må som eit minstekrav ha ein Bachelor eller Master i ingeniørfag, typisk innan maskin, mekanisk, struktur, bygg eller liknande. Vi ser også på å styrke vår kompetanse innan elektro og automasjon. Det er ein fordel om du beherskar norsk godt og har god engelsk både munnleg og skriftleg.

Hos oss i Zenit vil du verte varmt motteke og gitt varierte og utviklande oppgåver. Sjølv om vi er mykje ute hos kunde er vi opptatt av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og har mellom anna fagdagar der alle samlast 4 gonger om året. I dag er vi 17 ansatte fordelt på dei fire kontora våre.

Kontorstad ved eitt av kontora våre, enten i Sunde, Odda, Stord eller Bergen. Det må også påreknast noko reiseverksemd. I periodar kan også vekependling vere aktuelt for kandidatar som ynskjer det.

Lønnsmessig følgjer vi NITO/Tekna, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om oss:

Zenit Engineering AS vart etablert i 2000 og tilbyd høg faglig kompetanse innan mekanisk design, maskin, konstruksjon, rør, struktur og bygg. Vi leverer multidisiplinære løysingar inn mot landbasert industri, maritim, offshore, akvakultur og fornybar gjennom studiar, analysar, tekniske og mekaniske løysingar og totalentreprisar.

Zenit har over snart 25 år utvikla seg til å bli ein foretrukken leverandør av ingeniørtenester til ulike segment, og er stolte over å vere ein del av BKS-konsernet, som er ein integrert del av Eqva ASA. Med denne koblinga har Zenit Engineering AS tilgang til eit breidt nettverk av ressursar og kompetanse som bidreg til å styrke posisjonen vår i markedet.

 

  • Bedrift
    BKS Konsern
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Rådgivende ingeniører
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5412, STORD
    STORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Stord, Odda, Bergen
  • Antall stillinger
    4
  • Kompetanseområder
    • Ingeniør
    • Prosjektledere
  • karriere-kode
    5904135
  • Se her for andre jobber fra BKS Konsern

Spørsmål rettes til

Roger Sætereng
tlf: 92215303