Detaljer


Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samhandlingsansvarleg

UDI søker no to samhandlingsansvarlege til IT-avdelinga i UDI

Her har du moglegheita til å bli tilsett i ei dynamisk, innovativ og framtidsfokusert avdeling med i overkant av 70 tilsette. IT-avdelinga i UDI har ansvar for å forvalta og utvikla nasjonale IT-tenester som handterer søknader om asyl, visum og opphald i Noreg.

UDI og resten av utlendingsforvaltninga behandlar over 400.000 søknader i året gjennom våre sjølvbetjenings- og saksbehandlingssystem.

Vi deltar i tillegg i eit utstrekt europeisk samarbeid om felles IT-løysingar på utlendingsfeltet.


Målet vårt er mest mogleg digital kommunikasjon med søkarane og samfunnet elles. Vi arbeider for at utlendingsforvaltninga skal være i toppsjiktet innan digital forvaltning i det offentlege.


Seksjonen IT-prosess og virksomhetsstøtte søker etter to samhandlingsansvarlege som kan styrke samarbeidet IT har med interne brukarmiljø i UDI og ut mot resten av utlendingsforvaltninga. Vi søkjer etter personar som ønsker å ta en pådrivarrolle i arbeidet med å sikre god dialog og forståing av behova knytt til digitalisering og automatisering av utlendingsforvaltninga. Dei samhandlingsansvarlege skal fungere som eit kontaktpunkt og ein sparringspartnar for fagsida inn i IT-avdelinga og vil være med på å utforma ein meir standardisert samhandlingsplattform i utlendingsforvaltninga. 

Arbeidsoppgaver
  • Forstå fagsida sine behov og vidareformidle dette til riktige personar i DIGA
  • Pådrivar for digitalisering av forvaltninga
  • Leie utredningar og høyringar, herunder fasilitere og drive prosessar
  • Koordinator og prosessdrivar
  • Ta del i strategi, planarbeid og behovsanalyser
  • Bistand inn mot porteføljeprosessen​
  • Tilrettelegge for god dialog på tvers av UDIs avdelingar
  • Videreutvikla gode virksomhetsprosesser i utlendingsforvaltninga. 
Kvalifikasjoner
  • Høgare relevant utdanning på høgskole/universitetsnivå. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Det er ønskeleg at du har erfaring frå digitaliseringsarbeid i utlendingsforvaltninga.
  • Det er og ønskeleg at du har erfaring frå relasjonsarbeid/samhandling på høgare nivå i større organisasjonar, eventuelt mellom desse.
  • Du må kunne samarbeide med mange aktørar for å finne dei beste løysingane
  • Erfaring med kost/nytte-betraktningar av IT-tiltak er ønskeleg
  • Du må kunne sette seg raskt inn i nye og komplekse problemstillingar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Den som blir tilsett må kunne bli sikkerhetsklarert 
Personlige egenskaper
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Likar å drive igjennom endringar
  • Snakkar like godt med IT avdelinga som med fagsida
  • Er nysgjerrig på nye trendar og kan formidle dette
  • Er resultatorientert og sjølvdreven
  • Kunne jobbe fram gode løysingar
  • Har evne til å tenke langsiktig midt i ein operativ kvardag


Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
  • Ei spanande stilling for deg som likar å sjonglere fleire oppgåver på ein gang
  • Ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, som er prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar.
  • Ein time betalt trening i arbeidstida per veke 
  • Fleksitidsordning, og overtidsbetaling ved pålagt overtidsarbeid. Ordna forhold med arbeidsdag på 7 timar og 45 minutt (og 7 timar om sommaren), inkludert lunsjtid
  • Stillinga blir lønna som rådgivar eller seniorrådgivar(avhengig av tidlegare erfaring) i lønnsspennet frå kr 586 500 - 708 000 brutto pr. år. Fra lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.