Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Saksbehandlarar med interesse for utlendingsfeltet

Offentlige tjenester og forvaltning

Utlendingsdirektoratet (UDI) har eit viktig samfunnsoppdrag. Det handlar om å setje i verk innvandrings- og flyktningpolitikken til regjeringa. Vi gjev beskyttelse til menneske som treng det. Vi sørgjer for at dei som har krav på det, kan få familien sin til Noreg. Og vi bidreg til at arbeidsgjevarar kan få kvalifisert utanlandsk arbeidskraft. Vi skal handheve innvandringsregelverket på vegner av det norske samfunnet. Vi skal både sørgje for at menneske som har rett til å bu og opphalde seg i Noreg, kan gjere det, samtidig som vi skal motverke misbruk av regelverket som dei politiske myndigheitene våre har vedteke. Vi ønskjer å utøve samfunnsoppdraget vårt på ein korrekt og omsynsfull måte, med stor bevisstheit om at det er menneske jobben vår vil få store konsekvensar for. UDI skal også, med basis i kunnskap og erfaring, bidra til å utvikle politikken og regelverket. Til å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Vi søkjer etter saksbehandlarar til faste og mellombelse stillingar (vikariat). UDI behandlar blant anna søknader om beskyttelse (asyl), familieinnvandring, arbeidsløyve, studie, visum, permanent opphaldsløyve og statsborgarskap. Vidare behandlar vi saker om tilbakekall og utvising og saker etter EØS- og Schengenregelverket. Stillingane vil vere knytte til eitt eller fleire av desse fagfelta. Til nokre av desse stillingane ønskjer vi fortrinnsvis juristar med høg digital kompetanse.

Arbeidsoppgaver:

Som saksbehandlarar i UDI behandlar du enkeltsaker der utlendings-, statsborgar-, forvaltningslova og internasjonale konvensjonar er sentrale rettskjelder. Du vil i tillegg jobbe aktivt med forbetringsarbeid og bidra til å utvikle effektive arbeidsprosessar. Du kan også få andre arbeidsoppgåver ut frå behov.
Du vil i tillegg ha mykje kontakt med UDIs mangfaldige brukargruppe og dei eksterne samarbeidspartnarane våre (for eksempel politi, utanriksstasjonar og andre aktørar i utlendingsforvaltninga). 

Vi ser etter deg som har motivasjon for utlendingsfeltet, og som kan vidareutvikle UDI saman med oss. Personar som nyleg har avslutta mastergraden sin, eller som avsluttar hausten 2021, blir også oppfordra til å søkje. 

Kvalifikasjoner:

  • master i rettsvitskap eller relevant samfunnsvitskapeleg retning. Humanistiske fag med særleg relevant fagbakgrunn  kan også bli vurderte.
  • svært god formidlingsevne i engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg
  • god digital forståing og kompetanse
  • god samfunnsinnsikt, kjennskap til politiske prosessar og til offentleg forvaltning 

Personlige egenskaper:

  • Du er sjølvstendig og kan ta gode avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet og er oppteken av å oppnå resultat med god kvalitet.
  • Du trivst godt i dialogen med ulike brukarar.
  • Du har gode samarbeidsevner og eigenskapar som bidreg til å utvikle eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel og positiv til endring.

Vi vil leggje stor vekt på at den som blir tilsett, må vere personleg eigna.

Vi tilbyr:

  • spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag for Noreg
  • moglegheita til å opparbeide deg solid kompetanse og erfaring frå offentleg forvaltning
  • eit mangfaldig, godt og engasjerande arbeidsmiljø som er prega av høg fagleg kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og sommartid
  • stillinga blir lønt som rådgjevar (kode 1434) i lønnsspennet kr 483 700–543 500 brutto per år. Høgare løn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring. 

Du må leggje attestar og vitnemål inn i portalen saman med søknaden. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, vil bli bedne om å sende lenkje til Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Viss du har utdanning frå utlandet, ber vi om attest frå Nokut.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.


Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen viss du har funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i  jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.