Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Ruskonsulent, fast 100% stilling

Brannvesen

 

Vi har ledig fast 100% stilling som ruskonsulent.

Til stillinga ligg ansvar for å vere med og vidareutvikle rusomsorga i kommunen og for å fremme

nettverkssamarbeid både mot nabokommunar og andre naturlege samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta.

Stillinga er ledig for oppstart snarast.

 

 

For stillinga gjeld:

 

Ruskonsulenten skal saman med saksbehandlarar, psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, aktivitetskontakt, ungdomskontakt, bustadsosialt arbeid og NAV utgjere eit ressursteam innan rusområdet.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rusførebyggjande arbeid. Gjennom dialog og motivasjon medverke til at mennesker med eit rusproblem og evt psykisk liding får ein best muleg kvardag.
  • Råd og veiledning til rusavhengige og deira  pårørande
  • Oppfølging av LAR- pasientar i samarbeid med andre.
  • Oppfølging av rusmiddelmisbrukarar, før, under og etter behandling eller fengselsopphald.  
  • Opprette/ delta i ansvarsgrupper og utarbeiding av individuelle planer (IP) for dei med rusmiddelproblem, der dette er hensiktsmessig.
  • Oppfølging av individuelle behandlingsopplegg og henvisnig til spesialhelseteneste
  • Samhandle med tverretatlege tenester i kommunen, spesialisthelseteneste/rusinstitusjonar og andre.
  • Akuttoppdrag i regi av tenesta eller i samarbeid med andre instansar.
  • Saksbehandling i samband med pasientbehandling og oppfølging.
  • Delta i planarbeid som gjeld rusfeltet.
  • I samarbeid med NAV skal ein motivere og arbeide for at personar innan målgruppa skal ha ein arbeidsaktivitet t.d. ved bruk av kvalifiseringsprogrammet.

 

Hovudfokuset i stillinga skal vere arbeid med enkeltpersonar - i jobb, skule, i bustad og i høve til nettverk/fritid - i nært samarbeid med pårørande. Noko kveldsarbeid må påreknast.

 

Kvalifikasjonar:

  • Treårig sosialfagleg -, eller anna høgskule- /universitetsutdanning er eit krav.
  • Ønskje om vidareutdanning innan rus-/ psykisk helse.
  • Erfaring frå rusarbeid er ein fordel
  • Søkjarar må ha evne til målretta og systematisk arbeid samt kunne arbeide tett med andre fagpersonar.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på god skriftleg og munnleg framstillingsevne, personleg eignaheit, evne til sjølvstendig arbeid og vilje til samarbeid.
  • Den som blir tilsett må kunne disponere bil.

 

Vi kan tilby:

  • Vanlege kommunale tilsettingsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
  • Variert og interessant arbeid i eit godt arbeidsmiljø