• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5256072
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 28.06.2023
Ledig stilling

Gulen kommune

Ringevikarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Miljøtenesta treng ringevikarar! 

Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen. 

Vi har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar ved Miljøtenesta. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar ja eller nei ved konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved Miljøtenesta må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant, kan du anten sende inn ein enkel søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med einingsleiar (kontaktperson i annonsen).

Arbeidsppgåver

  • Legge til rette for og bistå brukarar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
  • Følgje opp dei daglege rutinene
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Kommuniserer godt på norsk
  • Tilfredstillande politiattest 

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5256072
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 28.06.2023