• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5073501
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 16.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Ringevikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Her kan du søkje om å vere ringevikar i Dalsøyra barnehage og skule, avdeling barnehage! 

Dalsøyra barnehage er organisert i to avdelingar, på Dalsøyra og i Hovden. Vi har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i barnehagen. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei sliste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei ved konkrete vakter. 

Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider i barnehage må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart.

Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein enkel søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med avdelingsleiar/styrar i barnehagen. 

 Arbeidsoppgåver for ringevikar

  • Praktisk og pedagogisk arbeid med born, individuelt og i grupper
  • Vise omsorg for kvart enkelt born
  • Ta initiativ til og delta aktivt i borna sine aktivitetar og leik
  • Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga og i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ha interesse for born og borna si utvikling
  • Må vere tydeleg, og ta initiativ til å bygge gode relasjonar
  • Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med born både inne og ute
  • Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 Vi tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5073501
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 16.03.2023