Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ulvik kommune

MILJØTERAPEUT ved Brakanes skule

Offentlige tjenester og forvaltning

Brakanes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 127 elevar. Skulen sin visjon er Kunnskap, Glød og Glede. Skulen legg vekt på læringsleiing og arbeider for å få eit læringsmiljø fritt for mobbing og krenkingar. Skulen har 30 min fysisk aktivitet for alle elevar kvar dag. Alle elevar har iPad/PC, og skulen er i startgropa på ei langsiktig satsing, der me fokuserer på pedagogisk bruk av digitale verktøy.

Brakanes skule har ledig eit 
100 % vikariat som miljøterapeut
frå 02.01.2020 til 31.07.2020, med moglegheit for fast tilsetjing.

Me ynskjer ein barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller ein med anna relevant høgskuleutdanning. Arbeidsoppgåvene vil variera, men innebera tett oppfølging av enkeltelevar/grupper av elevar og samarbeid med heimane. Erfaring frå arbeid med born og unge vil verta vektlagt.

Søknadsfristen er 8.11.2019.

Søknad kan/bør fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no, merk med saksnr. 19/398 og/eller sendast til postmottak@ulvik.kommune.no

Ein kan også senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål til: Ulvik herad, Postmottak, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Rigmor Hanssen på telefon 4000 7153
eller på e-post til: rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no