• Bedrift
    Ulvik kommune
  • Søknadsfrist
    29.03.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2810913
  • Se her for andre jobber fra Ulvik kommune
  • Oppdatert 10.03.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ulvik kommune

REKTOR/EININGS­LEIAR BRAKANES SKULE

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillinga som rektor/einingsleiar ved Brakanes skule i Ulvik herad er ledig frå 01.08.2020. Til stillinga inngår overordna leiaransvar for skulen sine tenester, herunder skulefritidsordning, kulturskule og vaksenopplæring. Skulen har òg tilsett ass.rektor i 60 % stillig. Rektor inngår for tida i rådmannen si leiargruppe. Det er lagt både budsjett-, økonomi- og personalansvar til stillinga. Stillinga kan verta endra som fylgje av omorganisering.
Brakanes skule har 123 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Skulen har 16,85 årsverk for pedagogisk personale, og 4,5 årsverk for assistentar (SFO/skule). SFO og kulturskule ligg til skulen sitt ansvars-område. Merkantil ressurs er ca. 120 %. Ulvik herad har òg leirskule på Finse.
Ulvik herad er ein Cittaslow-kommune (les meir på www.cittaslow.org), der verdiar som tuftar på lokale tradisjonar, lokal mat og historie står sterkt. Arbeidet med desse verdiane skal vera synlege i alle einingar og skal òg ha ein naturleg plass i skulen sitt arbeid. I samband med dette har Ulvik herad v/Brakanes skule søkt om Erasmus+ prosjektst
øtte for internasjonal utveksling saman med grunnskulen i Greve-in-Chianti i Italia. Dette arbeidet vil òg vera underlagt rektor sitt ansvarsområde.

Me ynskjer ein rektor som:
* trivst med å jobba utviklingsorientert, både i eiga eining og overordna i heradet
* kan skapa eit godt læringsmiljø for elevar og personale og vidareutvikla ein god relasjon mellom heim og skule
* har engasjement, stor arbeidskapasitet og godt humør
* er fleksibel, ryddig, og har god struktur
*er god på kommunikasjon og samarbeid og kan både leia og delta i team
*har kompetanse innan personalhandsaming og økonomistyring
* er god på skulen si kjerneverksemd og som pådrivar for å utvikla det pedagogiske og faglege arbeidet i skulen

Søkjar må ha godkjend pedagogisk utdanning og både arbeidserfaring og leiarrøynsle frå grunnskule. Det vil vera ei føremon om søkjar har skuleleiarutdanning. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt. Løn etter avtale. Ved spørsmål om stillinga, kontakt rådmann Thore Hopperstad på tlf. 56 52 70 17 / mobil 4000 7158 eller stabssjef Anette T. Hjeltnes på tlf 56 52 70 18 / mobil 4000 7118.

For stillinga gjeld: Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Arbeidsvilkår etter reglement og tariffavtale. Tilsetjing føreset framlagd politiattest etter opplæringslova § 10-9.

Søknad sendast elektronisk. merk med saksnr: 20/155

Søknadsfrist: 29. mars 2020.

 

  • Bedrift
    Ulvik kommune
  • Søknadsfrist
    29.03.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2810913
  • Se her for andre jobber fra Ulvik kommune
  • Oppdatert 10.03.2020