Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

ER DU DEN NYE ENGASJERTE REKTOREN VED ÅLVIK SKULE?

Rektor Ålvik skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå oppstart av nytt skuleår 23/24 treng me ny rektor på Ålvik skule.

Ålvik skule er ein tredelt skule og har frå hausten 2023, 40 flotte elevar og 12 tilsette med høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Skulen er veldriven og ligg fint plassert tett på sentrum i Ålvik i Hardanger, med nytt bygg og uteområde i 2017.

Ålvik skule er ein del av Kvammaskulen, og skal vera ein god stad å læra og ein god stad å vera! Me har fokus på inkludering, tryggleik og trivsel for alle. Kvammaskulen er godt i gang med å implementera LK20, og ynskjer å halda fram med LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse) og VFL (Vurdering for læring) som gode pedagogiske verktøy.

Klasseleiing, positivt elevsyn og relasjonsbygging er fokusområde i Kvammaskulen. Vårt elevsyn er at born gjer så godt dei kan, og at born ikkje er vanskelege, men kan ha det vanskeleg.

Skulen har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt elevråd som bidreg med trivselsfremjande tiltak og innspel. Foreldregruppa er engasjert og aktiv, og ein viktig støttespelar for skulen. 


Arbeidsoppgåver

Rektor har ansvar for den totale drifta av skulen: pedagogisk, administrativt og økonomisk. Rektor arbeider tett med skuleeigar, og samarbeider tverrfagleg med PPT, helsesjukepleiar, psykolog, barnevern og familiesenteret. I tillegg har Ålvik skule samarbeid med Tørvikbygd skule om fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid, og har valt digitalisering som satsingsområde i dekom (desentralisert ordning for kompetanseutvikling).

Som rektor vil du:

  • leia skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak
  • vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane og eit profesjonsfellesskap for dei tilsette
  • forvalta skulen sine totale ressursar strategisk slik at han sikrar god undervisning og læring
  • ha økonomi-, fag- og personalansvar
  • vidareutvikla det pedagogiske arbeidet, slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
  • bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
  • involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
  • noko undervisning


Kvalifikasjonar

  • Me treng ein tydeleg, løysingsorientert og fleksibel rektor som har:
  • pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet, og undervisningskompetanse i grunnskulen
  • erfaring frå undervisning med elevar i grunnskulen
  • god innsikt i nyare forsking på skuleutvikling
  • god pedagogisk og administrativ kompetanse, samt IT-kompetanse
  • kjennskap til aktuelle lover og avtaleverk
  • Erfaring som skuleleiar er ei føremon
  • Fullført leiarutdanning/nasjonal rektorutdanning er ynskjeleg
  • Politiattest vil bli kravd i samband med tilsetjing jfr. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.


Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • er ein tydeleg, samlande og raus leiar med gode kommunikasjonsevner
  • toler høgt arbeidstempo og å arbeida etter tidsfristar
  • er visjonær, engasjert og ambisiøs på elevane og skulen sine vegne
  • har eit positivt elevsyn og fokus på meistring for elevar og tilsette
  • kan bidra til å utvikla det profesjonelle læringsfelleskapet på skulen og samhandling i oppveksteininga i Kvam herad
  • kan analysera, planleggja, gjennomføra og styra innan vedtekne rammer
  • er utviklings- og endringsvillig i høve nasjonale og lokale føringar
  • er imøtekomande og til stades for elevar, føresette, tilsette og samarbeidspartarhar


Vi tilbyr

  • samarbeidsfora med alle skuleleiarane og overordna skuleleiing
  • leiarsamlingar med alle 80 leiarane i kommunen
  • høve til å delta i utvikling av Kvammaskulen
  • leiarstøtte frå sentrale IT, HR og økonomifunksjonar
  • godt kollegialt samarbeid
  • godt tverrfagleg samarbeid


Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.