• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    24.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5068373
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 28.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Rektor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Austevoll kommune har ledig vikariat med moglegheit for fast stilling som rektor frå snarast og seinast frå 1. august 2023 med arbeidsstad f.t. ved Selbjørn skule

Kommunalområdet Oppvekst, kultur og fritid er ei eining med omlag 175 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, Austevollbadet og bibliotek. Vi har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad

Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 170 elevar og 35 tilsette. Dei fleste tilsette er pedagogar – og spesialpedagogar, men vi har òg miljøarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar. Skulen har meistring og trivsel som motto, og er med i Trivselsleiar-programmet. Skulen skal innføra avdelingsleiar-modell frå hausten 2023 og desse vil saman med rektor utgjere leiarteamet på skulen.

Skulen ligg flott til i Bekkjarvik, kor det er gode handels-, kultur- og servicetilbod. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal og flott musikkavdeling. Her er fantastiske uteområde, med kunstgrasbane, tennisbane, sandvolleyball, leikepark, sandstrand og turløyper. 

Vi søkjer deg som vil vere ein kompetent, open og engasjert skuleleiar i Austevoll kommune. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skapa gode oppvekstvilkår for elevane våre. Rektor rapporterer til kommunalsjef for oppvekst, kultur og fritid og inngår i denne si leiargruppe.

Ansvars- og arbeidsområde

Som rektor vil du ha ansvar for skulen si totale drift og økonomistyring. Du vil samarbeida med foreldre gjennom uformelle og formelle organ som FAU og andre samarbeidsutval. Som leiar i Austevoll kommune følger rektor lov og avtaleverk, god forvaltningsskikk og har eit heilskapleg leiaransvar. Vidare vil du ha ansvar for:

  • Å leie skulen sitt leiarteam
  • Å leie og motivera til pedagogisk utviklingsarbeid
  • Overordna personalansvar
  • Å vidareutvikla skulen sitt læringsmiljø
  • Samarbeid med politisk og administrativt nivå
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning og solid praksis frå skule
  • Relevant leiarerfaring og gjerne vidareutdanning innan skuleleiing. For søkjarar med godkjent lærarutdanning og erfaring som skuleleiar, kan vi sjå vekk frå kravet om leiarutdanning.
  • God IKT-kompetanse

Du har ein raus leiarstil, er til stades og ser kvar enkelt elev og tilsett som ein ressurs, og er oppteken av lærarane si undervisning og elevane si utvikling og læring. Du er ein pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid  og opptatt av kompetanseutvikling. Du er ein trygg og modig leiar som ønskjer å vere synleg i skulekvardagen. Du har gode relasjonelle ferdigheiter og inkluderer skulen sine tilsette, elever og føresette gjennom opne utviklings- og avgjerdsprosessar. Du er lyttande, tydeleg, resultatorientert og har god gjennomføringsevne.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om  politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og inspirerande fagmiljø
  • Leiarstøtte
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    24.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5068373
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 28.04.2023