Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hallingdal Folkehøgskule

REKTOR

Skole - Folkehøgskole

Hallingdal Folkehøgskule er ein frilynt skule som er politisk og religiøst uavhengig, med 18 års aldersgrense. Skulen vart grunnlagt i 1959 og er nå organisert som ei sjølveigande foreining. Skulen har internatkapasitet til ca. 90 elevar og har per i dag 6 liner. Folkehøgskulen ligg i Gol kommune i Viken fylke, midt i det naturskjønne Hallingdal, omtrent midt mellom Oslo og Bergen. Vi er ein skule som vektlegg store opplevingar lokalt der vi jobbar med heile mennesket gjennom aktivitet, meistring, utvikling og mangfald. Verdigrunnlaget til skulen byggjer på verdiane fellesskap – fridom – medansvar – toleranse og omsorg.

VI SØKJER REKTOR TIL HALLINGDAL FOLKEHØGSKULE

Rektor er administrativ og pedagogisk ansvarleg og rapporterer direkte til styret ved skulen. Som leiar vil vi at du skal vera tydeleg og involverande. Det er ein fordel om du kjenner til arbeidet i folkehøgskulen og kan identifisere deg med ide-grunnlaget til folkehøgskulane. Stillinga er kompleks og variert, så det vil også vera nødvendig at du er strukturert og har god arbeidskapasitet. Som person ser vi for oss ein rektor med eit raust menneskesyn, godt humør og som er god til å jobbe i team. Rektor på skulen vår må like å vera saman med ungdomar som står på terskelen til vaksenlivet, og takle utfordringar elevane møter på ein god og medmenneskeleg måte. Du må også rekne med å steppe inn i undervisning og i sosialpedagogisk arbeid og anna nødvendig, ved behov. Vi ønskjer oss ein rektor som har eit kommersielt blikk, og som blir motivert til å utvikle nye tilbod som er attraktive for målgruppene. Det er ønskjeleg at du har kompetanse i marknadsføring på både strategisk og operativt nivå, og er ein pådrivar for å gjennomføre aktuelle tiltak, der tilsette og elevar blir involvert på ein god måte. Skulen har ein stor bygningsmasse som skal haldast ved like og bli utvikla etter tid og behov, og det er difor også ønskjeleg at du har interesse for byggforvaltning. Rektor er sekretær for styret ved skulen, og har tale og forslagsrett. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt spesielt.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning på minimum Bachelor-nivå 
  • Erfaring med økonomistyring 
  • Forståing for marknadsføring 

Vi ønskjer at du har: 

  • Leiarerfaring 
  • Juridisk forståing 
  • Pedagogisk kompetanse 
  • Kjennskap til folkehøgskulen 

Vi søkjer deg som: 

  • Tenkjer heilskap 
  • Handlekraftig – god til å fatte vedtak 
  • Samarbeids- og gruppeorientert 
  • Løysingsorientert 
  • Reflekterande 
  • Fleksibel 
  • Strategisk 
  • Driftsorientert 
  • Audmjuk 

Vi tilbyr: 

  • eit aktivt og kreativt arbeidsmiljø med dedikerte medarbeidarar 
  • utfordrande, krevjande og spennande leiaroppgåver 
  • eit breitt og spennande fagmiljø 
  • obligatorisk og gode pensjonsvilkår i SPK (Statens Pensjonskasse) 
  • leiarlønsavtale

Anna: 

  • Vi oppmodar kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Originale attestar og vitnemål må takast med ved intervju og kontaktdata til referansepersonar er det også fint om du tek med.
  • Tidspunkt for oppstart: Etter nærare avtale. 
  • Før tilsetting må gyldig politiattest vera motteke av oss. 
  • Skulen kan vera til hjelp med å skaffe bustad om det er ønskjeleg.

Send søknad til: post@hallingdalfhs.no eller Hallingdal Folkehøgskule, Skagavegen 3, 3550 Gol. Merk med: Søknad rektor 

SØKNADSFRIST 27. APRIL 2020.

Kontaktperson ved spørsmål: 

Styreleiar Per-Egil Kolsrud, tlf. 917 45 463 og/eller Ass. rektor Anne-Grethe Ulshagen, tlf. 901 62 806 og/eller Rektor Gisle Skoglund, tlf. 952 66 979

Vår heimeside: hallingdalfhs.no