• Bedrift
    Tveit Regnskap AS
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Økonomi og regnskap
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Regnskapsbyrå
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Adresse
    5750, ODDA
    ULLENSVANG
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Eidfjor
  • Antall stillinger
    1
  • Kompetanseområder
    • Autorisert regnskapsfører
  • karriere-kode
    5342693
  • Se her for andre jobber fra Tveit Regnskap AS
  • Oppdatert 30.10.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Tveit Regnskap AS

Er du ein Rekneskapsførar med hjarta for Hardanger? ❤️

Rekneskapsførar

Regnskapsbyrå

Som rekneskapsførar hjå oss, leverer du ikkje berre rett rekneskap til rett tid, men du er den viktigaste rådgjevaren for kundane våre.

Du er der kunden er, i Hardanger 🫶

 

Våre tilsette er den viktigaste faktoren for at me og kundane våre lykkast.

Derfor tek me ekstra godt vare på folka våre. Hjarta til kundane våre ligg i Hardanger, og som rekneskapsførar hjå oss vil du bli ein del av eit av våre kontor i Odda eller Eidfjord. Me er også opne for heimekontor og du står sjølv fritt til å velja kva kontor som passar deg best.

Me samarbeidar tett med kvarandre uavhengig av lokasjon og du vil verta ein del av eit kompetansemiljø kor me oppmuntrar til fagleg og personleg utvikling.

Som ein del av Sparebank 1 SR-Bank konsernet vil du som tilsett hjå oss få svært gode konkurransedyktige vilkår, som og inkluderer gode avtalar på både lån og forsikring.

 

Meir enn ein rekneskapsførar, her vil du få tillit og styra din eigen arbeidsdag.

Dine hovudoppgåver vil vera rekneskapsføring, rapportering og kundeoppfølgjing, samt rettleia og formidla gode løysingar for kundane våre.

 Du vil vera kundane sin viktigaste økonomiske rådgjevar og få høve til å vera tett på næringslivet i Hardanger. Med di hjelp kan kundane bidra til næringsutvikling og arbeidsplassar i lokalmiljøet.

 

Så, kven ser me etter? Og kan me saman skapa eit næringsliv der bedriftene lykkast?

Me ser etter deg som kan tilby meirverdi til kundane og ynskjer helst at du er ein autorisert rekneskapsførar eller har erfaring som rekneskapsførar.

Gjerne med utdanning innan økonomi, finans eller revisjon.

Som person er du oppteken av å levera kvalitet og får glede av å hjelpa det lokale næringslivet med din kompetanse. Me håpar du er samarbeids- og resultatorientert og har eit hjarte for kundane våre i Hardanger.

   

Vil du vera med på laget? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Me behandlar søknader fortløpande, så kvifor venta med å søkja? Søk i dag då vel!

 

Spørsmål rundt stillinga kan rettast til:

Ragnar Sæbø

Avd.leiar Hardanger

ragnar.sebo@tveit.no

411 27 027

 

  • Bedrift
    Tveit Regnskap AS
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Økonomi og regnskap
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Regnskapsbyrå
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Adresse
    5750, ODDA
    ULLENSVANG
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Eidfjor
  • Antall stillinger
    1
  • Kompetanseområder
    • Autorisert regnskapsfører
  • karriere-kode
    5342693
  • Se her for andre jobber fra Tveit Regnskap AS
  • Oppdatert 30.10.2023