Detaljer


Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

REGI HAIK SESONG 2

 

REGI PÅ TV SERIE!
Vi skal laga seson 2 av HAIK  der vi portretterer ein ny generasjon norske artistar som har gjort seg merka i inn og utland. Vi søkjer deg som skal ha regi deler av serien. HAIK siktar seg inn på unge vaksne (20 åringar), og formatet krev at du har god journalistisk teft og solid røynsle frå tv-regi.


Arbeidsoppgåver

- Planleggja og gjennomføra opptak og laga gode klippemanus
- Gje tydeleg, positiv og motiverande regi/instruksjon for å få det beste ut av dei medverkande og kvar scene.
- Sørge for at produksjonen held god framdrift på settet.
- Sikre høgt nivå både teknisk, estetisk og forteljarmessig.
- Vera ein tydeleg arbeidsleiar, ha god kommunikasjon med alle i teamet.
- Lage tydelege og ambisiøse mål for den enkelte episoden, jobba systematisk for å nå desse.
- Sørge for at det er egna stoff for publisering på andre plattformer: nett, sosiale medium, evt radio.
- Ansvar for å halda fastlagt arbeidstid og ressurstildeling.

Kvalifikasjonar

- Regiutdanning eller tilsvarande.
- Røynsle med regi på tv underhaldningsprogram, dokumentar og/eller reality.
- Vere oppdatert og orientert om nyare norsk popmusikk.
- Ha god dramaturgisk innsikt, vera trygg på historieforteljing.
- Inngåande målgruppekunnskap for aldersgruppa 20-30.
- Røynsle med personinstruksjon.

Personlege eigenskapar

- Idérik
- Ambisiøs
- Fleksibel, stabil og positiv
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Målretta og strukturert
- Meistrar stress og høgt tempo
 

Vi tilbyr
Eit spanande, hyggjeleg og innovativt arbeidsmiljø.
Noko reising og uregelmessig arbeidstid må påreknast.

 

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.