• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    09.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3047606
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 28.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Rådmann/kommunedirektør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Mellombels tilsetjing frå september 2020

Noverande rådmann i Samnanger sluttar i stillinga 31.08.2020 og kommunen skal starta arbeidet med tilsetjing av ny rådmann. I påvente av tilsetjing av ny fast rådmann, er det behov for å tilsetja ein mellombels rådmann frå og med september 2020 og i inntil ca. seks månader. Kommunen søkjer derfor no etter ein person som kan vera rådmann i denne perioden. Den som vert tilsett som mellombels rådmann, kan òg søkja på den faste rådmannsstillinga når denne vert lyst ut.

Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar, og er gjennom dette leiar for heile den kommunale administrasjonen. Rådmannen er òg bindeleddet mellom administrativt og politisk nivå i kommunen.

Me søkjer etter ein resultatorientert og inkluderande person med kommunal leiarerfaring på rådmanns- eller kommunalsjefnivå/tilsvarande, som kan starta i stillinga allereie i september 2020. Kandidatar må ha god kjennskap til kommunale tenester, kommunale politiske prosessar og rollefordelinga mellom politisk nivå og administrasjon, samt økonomiplan-/budsjettarbeid. Andre viktige eigenskapar er evne til å motivera medarbeidarar og gode samarbeidsevner både internt i kommunen og med eksterne samarbeidspartnarar/etatar.

 

Hovudoppgåver:

  • Rådmannen er leiar for den samla kommunale administrasjonen
  • Rådmannen skal sjå til at saker som vert lagde fram for politisk handsaming, er forsvarleg utgreidde
  • Rådmannen skal sjå til at vedtak vert sette i verk
  • Rådmannen skal sjå til at administrasjonen vert driven i samsvar med lover etc., og er gjenstand for trygg kontroll
  • Rådmannen skal sjå til at leiarar på alle nivå i kommunen fører god arbeidsgjevarpolitikk
  • Rådmannen skal leggja til retta for god økonomistyring i kommunen

Tiltreding i september 2020, etter nærare avtale.
For spørsmål om stillinga, kontakt ordførar i Samnanger Knut Harald Frøland på tlf. 406 33 080 eller varaordførar Øyvind Røen på tlf. 980 40 011.


Me tilbyr:

  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring


Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    09.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3047606
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 28.07.2020