Bedrift
Hordaland fylkeskommuneSøknadsfrist
23.10.2019Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etaterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2166037Se her for andre jobber fra Hordaland fylkeskommune
- Oppdatert 11.10.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Hordaland fylkeskommune
Rådgjevarar - forvaltning og utgreiing av infrastruktur og veg i Vestland
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater
Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.
Seksjon for forvaltning, utgreiing og geodata har ansvar for uttale til arealplanar, handsaming av søknader etter veglova, trafikkteknikk, samt geodatavirksomheiten på avdelinga. Innan geodata er ajourhald og forvaltning av trafikkdata i nasjonal vegdatabank (NVDB) ei viktig oppgåve. Ansvar for koordinering og faglege bidrag knytt til ulike planar som Regional transportplan (RTP) og Nasjonal transportplan (NTP) ligg og til seksjonen saman med arbeidet knytt til å utarbeide grunnlag for om ein skal gå vidare med investeringsprosjekt på fylkesvegnettet eller ikkje.
Rådgjevar trafikkteknikk innan fagområde forvaltning
3 stillingar i Bergen. Næraste leiar vil vere Hege Løtveit
- Sakshandsaming skilt- og fartsgrensesaker
- Sakshandsaming av søknader om reklame og annan skilting langs veg
- Sakshandsaming omklassifiseringssaker
- Yte fagleg bistand og vere ein ressursperson innan trafikkteknikk/trafikkregulering
- Gi innspel om og følgje opp trafikkteknikk i investeringsprosjekt og på eksisterande vegnett
- Sakshandsaming knytt til arrangement og sykkelritt
Rådgjevarar arealplanforvaltning/vegplanleggar
3 Stillingar på Leikanger, Voss, Odda eller Førde. Næraste leiar vil vere Anniken Rygg
Sakshandsaming innan saker knytt til å:
- Delta i lokalt planarbeid og fora saman med offentlege myndigheiter, kommunar, utbyggjarar
- Yte fagleg bistand og vere ein ressursperson innan trafikkteknikk/trafikkregulering
- Gi innspel om og følgje opp trafikkteknikk i investeringsprosjekt og på eksisterande vegnett
- Dialog mot kommunane i ulike forvaltningssaker på vegner av avdelinga
- Offentlege og private planar som påverkar vegtrafikk eller vegforvaltninga
- Eksisterande vegar, som avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser etter veglova
- Nabovarsel som vegeigar
- Skilt- og fartsgrensesaker
- Søknader om reklame og annan skilting langs veg
- Omklassifiseringssaker
- Arrangement og sykkelritt
Rådgjevar teljing og NVDB innan fagområde geodata
1 Stilling i Bergen. Næraste leiar vil vere Jan Ove Stadheim
- Følgje opp drift av automatiske tellepunkt som er på fylkesvegane i Vestland
- Koordinere og delta i utføring av periodiske teljingar
- Ajourhald av trafikkmengdedata på fylkesvegane til nasjonalt datasett
- Fagleg rådgjeving
- Vidareutvikling av metodar og rutinar innan fagområdet
Rådgjevarar vegplanleggar innan fagområde utgreiing
4 Stillingar på Leikanger, Voss eller Bergen. Næraste leiar vil vere Carl-Erik Nielsen
- Trafikkanalyser, transportmodellar og grunnlag for finansiering
- Overordna analyser og innspel som grunnlag for Regional transportplan(RTP)
- Moglegheitsstudium/utgreiingar som grunnlag for lokalpolitiske vedtak for enkeltprosjekt eller bompengepakkar
- Transport/trafikkanalyser/effektutrekningar(nytte/kost- analysar)
- Samfunnsøkonomiske analysar/ Verdianalysar
- Ei viktig oppgåve for dei tilsette på utgreiingseininga vil vere å utarbeide grunnlag for om ein skal gå vidare med moglege investeringsprosjekt på fylkesvegnettet eller ikkje.
- Å sikre god samhandling med seksjon for plan og utbygging vil i slike prosjekt vere viktig saman med dialog med kommunar og andre interessentar
- Finansieringsanalysar/bompengeutgreiingar
- Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.
- Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning.
- Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfeller kan krav om førarkort fråvikast.
Særlege krav for stillingar innan trafikkteknikk
- Det er ein fordel med relevant erfaring frå offentlig forvaltning og erfaring fra fagområdet trafikkanalyser og trafikkteknikk og at ein har kjennskap til relevante handbøker.
Særleg krav for stillingar innan arealplanforvaltning/vegplanlegging
- Det er ein fordel med kjennskap til relevant lovverk som veglova og plan- og bygningslova.
Særleg krav for stillingar innan vegplanlegging
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.
- Det er det ein fordel med erfaring fra prosjektleiing, erfaring fra samferdslesektoren og planlegging etter plan- og bygningslova.
- Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Andre opplysningar
Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.
Bedrift
Hordaland fylkeskommuneSøknadsfrist
23.10.2019Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etaterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2166037Se her for andre jobber fra Hordaland fylkeskommune
- Oppdatert 11.10.2019