Bedrift
ArbeidstilsynetSøknadsfrist
15.11.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
3235633Se her for andre jobber fra Arbeidstilsynet
- Oppdatert 25.10.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Arbeidstilsynet
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Offentlige tjenester og forvaltning
Ved Arbeidstilsynet, Seksjon for arbeidstid, er det ledig to faste stillingar som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Det kan samstundes bli ledig vikariat/engasjement.
Arbeidstilsynet si kjerneoppgåve er å føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i
arbeidsmiljølova.
Arbeidstilsynet arbeider etter følgjande hovudstrategiar for å fremje eit godt arbeidsliv:
satse i spesielt utsette bransjar
styrke samarbeidet med partane i arbeidslivet for å få til varige betringar av arbeidsmiljøet i verksemdene
spreie kunnskap om rettar, plikter og kva som skaper eit godt arbeidsmiljø til dei som er nye i arbeidslivet, til unge arbeidstakarar og til nye verksemder
følgje opp tips og meldingar
gjennomføre tilsynsaktivitet på grunnlag av årlege prioriteringar
Seksjon for arbeidstid har nasjonalt fagansvar på arbeidstidsområdet og ansvar for handsaming av søknader til Arbeidstilsynet om godkjenning av arbeidstidsordningar. Seksjonen har 10 tilsette. I tillegg til å handsame søknader, gir seksjonen informasjon og rettleiing om arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova for verksemder, publikum generelt, media og internt i Arbeidstilsynet.
Vi kan tilby ein spanande og utfordrande jobb i ein moderne statsetat, der du som del av eit
fagmiljø vil kunne påverke utviklinga av Arbeidstilsynet og norsk arbeidsliv.
- generell sakshandsaming etter aml. kap.10 og 11, i tillegg til klagesaker, utgreiing av juridiske problemstillingar og tolking av regelverket
- intern og ekstern rettleiing innan fagområdet
- delta aktivt i utviklinga av seksjonen og bidra til effektiv oppgåveløysing
- medverke til gjennomføringa av etaten sitt mål gjennom samarbeid og god kommunikasjon internt og eksternt
- juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap
- fortrinnsvis erfaring frå juridisk sakshandsaming eller annan juridisk arbeidserfaring
- interesse for arbeidsrett, helse-, miljø-, og tryggleiksarbeid
- særs gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
- dei rette personlege eigenskapane
- særs god skriftleg framstillingsevne på norsk
Søkaren må meistre begge målformene.
- samfunnsengasjert, initiativrik og resultatorientert
- gode kommunikasjonsevner
- god forståing av tal
- fokus på kvalitet og tek ansvar for å nå mål
- vere god til å samarbeide med andre og arbeide sjølvstendig
Løn som rådgjevar stillingskode 1434 eller løn som seniorrådgjevar stillingskode 1364. Stillinga vert løna etter erfaring og kvalifikasjonar, og ligg normalt frå kr 515 000 til kr 730 000.
- lån og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- høve til personleg og fagleg utvikling
- høve til å medverke til og påverke eigen arbeidskvardag
Tilsetting skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som vert tilsett må rekne med at arbeids- og ansvarsområde for stillinga kan bli endra.
Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegle folkesetnaden, og vi ønsker alle kvalifiserte søkarar velkomen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsstad og legg arbeidskvardagen din til rette viss du treng det. Du er også velkomen til å søke til oss viss du i periodar har vore utan arbeid, utdanning eller opplæring.
Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd.
I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet.
Du kan be om at søknaden din vert unnateken offentleg innsyn. Du å grunngi dette i søknaden. Vi kontaktar deg viss grunnane du har gitt ikkje oppfyller krava til unntak.
Bedrift
ArbeidstilsynetSøknadsfrist
15.11.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5014, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
3235633Se her for andre jobber fra Arbeidstilsynet
- Oppdatert 25.10.2020