• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4649665
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 15.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

2. gongs utlysing – rådgjevar for plansaker

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Austevoll kommune har ledig ein fast, fulltidsstilling som rådgjevar på planavdelinga. Austevoll kommunen er ein vekstkommune med høg grad av næringsutvikling og ei auke i folketal. Dette gjev mange spennande arbeidsoppgåver innanfor samfunnsutvikling og utbygging. Vi søkar deg som vil vere med å forme morgondagens samfunn, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og tverrfagleg samarbeid.

Plan- og byggesaksavdelinga er leia av plan- og byggesakssjef. Avdelinga har 10 tilsette innanfor fagområda bygge- og delesaker, reguleringsplanar, oppmåling, matrikkel og forureining.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Som rådgjevar for plansaker vil du få ansvar for:

  • Utarbeiding og saksbehandling av reguleringsplanar
  • Saksførebuing til politisk behandling
  • Råd og rettleiing til publikum
  • Tverrfagleg samhandling med andre fagområde i kommunen
  • Klagebehandling

Andre oppgåver innanfor eininga sitt ansvarsområde kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant master- eller bachelorgrad. Dette kan f.eks. vere ein arkitekt, jurist, planleggar, ingeniør eller miljø- og naturforvaltar. Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til den som får tilbod om stillinga. Nyutdanna oppmodast til å søke.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Skriftspråket er nynorsk.
  • Ønskeleg med:
    • Førarkort klasse B
    • kjennskap til plan- og bygningslova, med tilhøyrande forskrifter
    • kjennskap til offentleg forvaltning
    • relevant arbeidserfaring frå saksbehandling

Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert og har gjennomføringsevne
  • Lære- og samarbeidsvillig
  • Positiv og har evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadsfrist:

28.06.2022

Tiltreding:

Etter avtale.

Arbeidsstad:

Kommunehuset, med høve for delvis heimekontor etter avtale

 

Kontaktpersonar:

Sunniva Skålnes Samdal

Tlf: +47 55 08 11 04

mob: +47 930 35 639

Heimeside:

http://www.austevoll.kommune.no

Adresse:

Birkelandsvegen 2 5392 Storebø

Austevoll kommune

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    28.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4649665
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 15.06.2022