Detaljer

  • Bedrift
    Trygg Trafikk
  • Søknadsfrist
    17.08.2020
  • Sted:
    SANDSLI
  • Stillingsfunksjon:
    Rådgiver
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Foreninger og forbund - Interesseorganisasjoner
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    2-5 år
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SANDSLI
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2991085
  • Se her for andre jobber fra Trygg Trafikk

Spørsmål rettes til

Knut Olav Røssland Nestås
tlf: 41206132


Rådgjevar/seniorrådgjevar Trygg Trafikk Vestland (Leikanger)

Trygg Trafikk er ein ideell organisasjon som arbeider for å oppnå best mogleg trafikktryggleik for alle trafikantgrupper og er ein av hovudaktørane i trafikktryggingsarbeidet både nasjonalt og på fylkesnivå. Trygg Trafikk blei oppretta i 1956 og har organisasjonar, fylkeskommunar, kommunar og bedrifter som medlemer. Vi er om lag 55 medarbeidarar, der 11 er tilsette som regionleiarar i fylka. Hovudkontoret ligg i Oslo. Regionskontoret for Trygg Trafikk Vestland ligg i Bergen. Kontorstad for denne stillinga er Leikanger. For meir informasjon om Trygg Trafikk sjå www.tryggtrafikk.no.

Trygg Trafikk har ledig stilling som:

Rådgjevar/seniorrådgjevar Trygg Trafikk Vestland (Arbeidssted: Leikanger)

Rådgjevaren skal hjelpe regionleiaren i Trygg Trafikk Vestland med å sikre at trafikkopplæring og informasjon om trafikktryggleik vert gjennomført som eit ledd i ein samordna innsats mot trafikkulykkene. Rådgjevaren skal hjelpe til i arbeidet med å nå Trygg Trafikk sine hovudmål som er å:

  • vere pådrivar i arbeidet for trafikksikker oppvekst
  • påverke beslutningstakarar til å prioritere trafikktryggleik
  • bidra til at trafikantane tek trygge val i trafikken

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • planlegge og gjennomføre trafikktryggingstiltak retta mot elevar i vidaregåande skular
  • sikre ivaretaking av trafikkopplæring i skular og barnehagar
  • gjennomføre arrangement for relevante målgrupper og kampanjar for auka bruk av tryggingsutstyr
  • medie- og publikumskontakt
  • andre oppgåver i samarbeid med regionleiar for Trygg Trafikk Vestland

Vi søkjer person som:

  • ønskjer å bidra i arbeidet med å redusere tal hardt skadde og drepne i trafikken
  • har kjennskap til politiske prosessar, skule- og kommunestruktur
  • har erfaring frå formidlingsarbeid og å arrangere og koordinere ulike typar arrangement
  • har høgare utdanning
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • er sjølvstendig, med evne til å jobbe i team/prosjekt
  • er god på relasjonsbygging
  • er initiativrik, målretta og strukturert

Vi tilbyr:

  • ein sjølvstendig og utfordrande jobb
  • gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • varierte arbeidsoppgåver
  • dyktige kollegaer over heile landet
  • løn etter avtale
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode forsikringsordningar

Spørsmål om stillinga kan rettast til regionleiar Trygg Trafikk Vestland Knut Olav Nestås, tlf. 412 06 132 eller avdelingsleiar Knut Skjetne tlf. 952 53 114.
Søknadsfrist 17. august 2020.


 
Registrer deg på Karriere.no
  • Karriere Jobbmatch
  • Bedrifter ser relevante kandidater
  • Kom i kontakt og motta jobbtilbud
  • Du velger selv din synlighet
  • Over 90.000 registrerte kandidater