Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Rådgivar internkommunikasjon

Offentlig forvaltning

Kommunikasjonsstaben har 15 medarbeidarar med ansvar for det kommunikasjonsfaglege arbeidet i UDI, mellom anna interne og eksterne nettsider, mediehandtering, arrangement, språk og profil. Vi har dei siste åra prioritert det strategiske kommunikasjonsarbeidet internt, især i samband med endringsprosessar.
 
Vi søkjer ein sosial og språkleg sterk medarbeidar med erfaring frå å jobbe både strategisk og operativt med internkommunikasjon. Du vil få ei sentral rolle i å identifisere kommunikasjonsbehov internt og sikre god kommunikasjonsflyt på alle nivå i organisasjonen.

Arbeidsoppgaver
  • bidra til å utvikle god informasjonsflyt i organisasjonen
  • fange opp gode historier internt for å skrive og produsere innhald til intranett
  • utvikle og gjennomføre kommunikasjonsplanar og delta som rådgivar i prosjekt
  • rettleie, gi råd og tilby avdelingane opplæring i kommunikasjon internt på alle nivå
  • vedlikehald og utvikling av intranett
Kvalifikasjoner
  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
  • brei erfaring med internkommunikasjon, gjerne i samband med større endringsprosessar
  • skrive godt og engasjerande
  • erfaring med nettpublisering 
Personlige egenskaper
  • arbeider sjølvstendig og tek initiativ
  • sosial nettverksbygger som arbeider godt i team
  • nysgjerrig og interessert i å lære
  • systematisk og god til å prioritere eigen arbeidsdag
  • god forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag
Vi tilbyr
  • varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø
  • ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • stillinga blir lønna som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet 550.000 til 660.000 kroner. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.