Bedrift
SkatteetatenSøknadsfrist
01.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0663, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
6211363Se her for andre jobber fra Skatteetaten
Skatteetaten
Rådgivar HR
Direktorater og tilsynsorgan
Vi søkjer ein medarbeidar til staben til HR-direktøren. Vi har ansvar for å sikre gode og effektive prosessar når det gjeld plan og budsjett, strategi, involvering og oppfølging av saker til ulike leiararenaer, styringsdialog med departementet, samt å sikre god kommunikasjon til tilsette i HR. Vi jobbar med ulike prosjekt og tiltak på tvers av HR-miljøa i etaten, og har òg ansvar for likestilling og mangfald.
Kvalifikasjoner:
Denne stillinga passar godt for nyutdanna på masternivå innan fagområdet HR, og du må fullføre mastergraden seinast våren 2025.
Du har
• erfaring frå generelt HR-arbeid, gjerne på strategisk nivå
• erfaring med å bruke KI for å effektivisere HR-prosessar
• erfaring med å drive prosessar
• noko erfaring frå økonomi, budsjettarbeid og rapportering
• god digital kompetanse i MS Office-verktøya, særleg Excel
• erfaring med kommunikasjon på digitale flater, til dømes SharePoint, og du må difor kommunisere godt både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel med erfaring frå statleg verksemd, og kjennskap til HR-system som SAP og tidregistrering.
Personlige egenskaper:
Du trivst i ein kvardag med både store og små oppgåver. Du har gode samarbeidsevner og er flink til å byggje gode relasjonar. Du er ein god kommunikator som arbeider strukturert og planmessig. Samtidig er du nytenkjande og løysingsorientert.Vi tilbyr:
Høyrest det meiningsfullt ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Her får du jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som borgarane har høg tillit til. Du får arbeide tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og du får stor fridom til å planleggje din eigen arbeidsdag.
Hos oss får du rammer som sikrar deg ein god balanse mellom jobb og fritid: Du får fleksitid, betalt overtid, litt kortare arbeidsdagar om sommaren og høve til å trene litt i arbeidstida.. Du får òg medlemskap i Statens pensjonskasse, som har ei av dei beste pensjonsordningane i landet. Der kan du òg søkje om bustadlån med gode vilkår. Les meir på spk.no.
Vi veit at mange ønskjer seg ein fleksibel og hybrid arbeidskvardag, der ein kan veksle mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Dette legg vi sjølvsagt til rette for. Du kan inngå ein avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det.
Du blir tilsett som rådgivar, med ei årslønn på mellom 530 000 og 600 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonane dine.
Verdt å merkje seg før du søkjer
Vi er meir opptatte av kva du kan, altså erfaringane dine og kompetansen din, enn kor flink du er til å skrive ein jobbsøknad. Derfor ber vi deg om å levere ein god og informativ CV der du får fram kva du har gjort og oppnådd som gjer deg kvalifisert for stillinga. Du treng altså ikkje å skrive eller leggje ved eit søknadsbrev.
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt dersom du seier ja til å jobbe hos oss. Er du aktuell for stillinga, tilbyr vi deg derfor ein omvend referansesjekk. Det vil seie at du får ringje nokre av dei tilsette hos oss og stille dei spørsmål for å finne ut om vi er ein god match.
Vi er på jobb for alle, og skal vere ein god arbeidsplass for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd. Har du hòl i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer. Det gjer at du kan få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt frå å stå på denne lista. Då må du grunngi kvifor du ønskjer dette, og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
Bedrift
SkatteetatenSøknadsfrist
01.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0663, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
6211363Se her for andre jobber fra Skatteetaten
-
Landkrabbe med spisskompetanse innan rekruttering!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Bli ein nøkkelperson i HR-teamet vårt!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sjukepleiar i Miljøtenesta 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert sjukepleiar/vernepleiar!
Øygarden kommune
STRAUME