Detaljer


Rådgivar

Avdeling Skipsregistrene er ein del av Sjøfartsdirektoratet og har ansvar for Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS), Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og Skipsbyggingsregisteret (BYGG).

Skipsregistra er eit viktig ledd i den offentlege kontrollen med skip og deira eigarforhold, og sikrar rettsvern for registrerte rettigheiter i skip. Det er i dag registrert hefte på omkring 3000 milliardar i Skipsregistra, og både handels- og fritidsflåten er aukande.

Vi har no ledig stilling som saksbehandlar (rådgivar) i avdelinga vår som består av 22 stillingar.

Arbeidsoppgåver

Saksbehandlarane vurderer alle mottatte dokument som gjeld registrering av fartøy og endringar på fartøy som er innført i registeret, i tillegg til registrering av hefte. Vi er eit realregister der mottatte dokument må vurderast same dag for å sikre rettsvern og prioritet for skip, eigarskap og hefte. Vårt arbeid er i stor grad regulert av sjølova.

Arbeidet inneber mykje kundekontakt og rettleiing til nasjonale og internasjonale verft, reiarlag og andre private aktørar, som bankar og advokatfirma. Denne kontakten følger heile saksgongen.

Ingen saker eller registreringar er like. Det er alltid mange ulike forhold å ta stilling til i kvar sak og saksbehandlarane samarbeider mykje med kvarandre.

Prosjektarbeid i avdelinga, og på tvers av avdelingar i Sjøfartsdirektoratet, kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonar
  • Mastergrad frå universitet eller høgskole
  • Lang erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for manglande formell utdanning 
  • Gode framstillingsevner, munnleg og skriftleg på norsk og engelsk, er ein føresetnad
  • Erfaring fra fagområdet vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Du har evne til å arbeide målretta og resultatorientert
  • Du arbeider sjølvstendig og kan ta avgjerder på eigenhand
  • Du er effektiv og har stor arbeidskapasitet
  • Du har gode samarbeidsevner og er utprega serviceinnstilt
  • Du trivst i eit travelt miljø med korte tidsfrister
  • Vi legg vekt på om du er personleg eigna for stillinga 
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver og kontakt med den maritime næringa
  • Samarbeid med kollegaer med eit høgt kompetansenivå i eit breitt fagmiljø
  • Fleksibel arbeidstid, inkludert gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Stillingskode 1434 rådgivar som vert lønna etter kvalifikasjonar i spennet 479 000 - 573 000 brutt pr. år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn eller stillingskategori.

Meir informasjon om kva Sjøfartsdirektoratet kan tilby finn du under "Jobb hos oss" på våre nettsider.

Sjøfartsdirektoratet praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følger opp regjeringa sin inkluderingsdugnad. Det inneber at vi ønsker velkommen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du melder frå om at du høyrer til ein av desse kategoriane, kan opplysningane bli brukte til statistikkføremål (anonymisert). Les meir her.

 
Registrer deg på Karriere.no
  • Karriere Jobbmatch
  • Bedrifter ser relevante kandidater
  • Kom i kontakt og motta jobbtilbud
  • Du velger selv din synlighet
  • Over 90.000 registrerte kandidater