Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.12.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4893081Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 25.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Psykiatrisk sjukepleiar/sosionom
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer etter medarbeider i 70 % fast stilling frå snarast. Avdelinga har også ledig vikariat i 30% stilling som kan kombinerast med den faste stillinga.
Avdeling rus og psykisk helse har som mål å fremja sjølvstende og livsmeistring hos personar med psykisk sjukdom og/eller rusproblematikk der målet er at kvar enkelt kan leva eit mest mogleg sjøvstendig liv. Avdelinga har heile kommunen som arbeidsfelt og samarbeidar mellom anna med helsestasjon, lege, pleie og omsorg, NAV og med spesialisthelsetenesta. Avdelinga har fokus på oppfølging i bustad og aktivitetar i kvardagen og tilbyr individuelle samtalar, heimebesøk og låg-terskel aktivitetstilbod.
Arbeidsoppgåver
Primæroppgåva er brukarkontakt til vaksne personar med ulike utfordringar knytt til rus og psykisk helse:
- - Personleg oppfølging og samtalar
- - Hjelp til struktur på kvardagen og å finna meiningsfulle aktivitetar
- - Bistå brukar til å få kontakt med andre aktuelle behandlingstenester
- - Gruppetilbod og kurs
- - Samarbeid med fastlege og andre både internt og eksternt
- - Avdelinga tilbyr og rettleiing til pårørande og undervisning og veiledning til anna helsepersonell
- - Informasjonsarbeid, råd og rettleiing, og samarbeid med t.d. Grannehjelpa, Mental helse m.m.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har kompetanse og erfaring med oppfølging av psykisk sjuke og menneske med utfordringar knytt til rus.
Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller ha bachelorgrad i sosialt arbeid.
- - Det er eit ynskje at du har vidareutdanning innan rus og/eller pyskisk helsearbeid eller er villig til å ta slik utdanning
- - Me legg vekt på at du har erfaring frå tilsvarande arbeid og har gode rettleiings- og kommunikasjonsevne
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- - Likar å arbeida med menneske og kan formidla håp og nye moglegheiter
- - Er serviceinnstilt og motivert for oppgåva
- - Trives med teamarbeid og samtidig kan arbeida sjølvstendig
- - Tek ansvar og er profesjonell
- - Samarbeider godt med andre
- - Deler kompetanse og er nytenkjande
- - Har evne til å skapa tillit
Vi tilbyr
Utfordrande oppgåver innan eit viktig arbeidsområde
- - Tverrfagleg arbeidsmiljø
- - Systematisk internundervisning
- - Regelmessig veiledning saman med andre kollegaer i avdelinga
- - Tilsetjing på kommunale vilkår
- - Gode pensjons og forsikringsordningar
- - Lønn etter sentral tariffavtale og lokalt lønnssystem
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.12.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4893081Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 25.11.2022