• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4325605
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 13.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Psykiatrisk sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I eining for rus og psykiatri har me behov for ein dyktig sjukepleiar/vernepleiar i 90% fast stilling frå 01.03.2022. Stillinga er organisert under eining for pleie og omsorg. Stillinga inneber dagarbeid.  

Arbeidet vil blant anna bestå i miljøterapeutisk praktisk arbeid i psykisk helse og rustenesta og gje tenester til menneske med samansatte utfordringar og heilskapleg pasientoppfølging med fokus på den mentale/rusrelaterte helsa, så vel som den somatiske og kliniske helsa. 

Dagleg oppfølging av tenestemottakarar og ivaretaking av brukarar sine ressursar er ein viktig del av arbeidet for å bidra til meistring og god livskvalitet.  

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for heilskapleg oppfølging og miljøtiltak for brukarar med psykiske og rusrelaterte utfordringar 
  • Følge opp medisinsk og miljøterapeutisk behandling 
  • Gje oppfølging til vaksne innbyggjarar med moderat til alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit med utgangspunkt i den enkelte sine behov 
  • Ansvar for dagsentertilbod 
  • Syte for tverrfagleg samhandling med kollegaer, fastlegar, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre instansar
  • Ivaretaking av pasient/brukar sine ressursar, og bidra til meistring og god livskvalitet 
  • Vere med og vidareutvikle tenesta i tråd med samfunnet si utvikling, til dømes rundt velferdsteknologi 
  • Planlegge og utvikle styringsverktøy og rutinar som sikrar ei mest mogleg effektiv ressursforvaltning og trygg tenesteutøving 
  • Ansvar for at eininga driv eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid 


Kvalifikasjonar

Krav:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar 
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helse og rus eller psykisk helsearbeid
  • Gode ferdigheiter innan IKT
  • Framandspråklege må dokumentera bestått B2

Ønsker:

  • Erfaring frå arbeid med personar som innehar spesielle helseutfordringer
  • Et godt klinisk blikk og god observasjonsevne
  • Har kompetanse og erfaring innan psykisk helse og rus
  • Har erfaring frå personar med somatiske helseutfordringer

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av kvalitet og er fagleg oppdatert 
  • Du har evne til å jobbe tverrfagleg og kommunisera godt
  • Har fleksibilitetsvilje, tar ansvar og kan jobba sjølvstendig
  • Er løysingsorientert, meistrar stress og uforutsette situasjonar
  • Du likar varierte arbeidsoppgåver og spanande utfordringar både fagleg og sosialt 
  • Du er endringsvillig og er oppdatert på samfunnet si utvikling 
  • Personlege eigenskapar og kva tenesta treng til denne stillinga vil bli sterkt vektlagt 

 Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forma ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver der ingen dagar er like
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4325605
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 13.01.2022