• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4090941
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 27.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Prosjektleiarstilling - palliasjon i eldreomsorga

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I eit 3-årig samhandlingsprosjekt mellom Romsdalskommunane (Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes) og Molde sjukehus for å sikre gode pasientforløp for skrøpelege og eldre multisjuke pasientar, søkjer vi etter prosjektleiar i 100 % stilling. Den som blir tilsett vil ha Aukra kommune som arbeidsgjevar og primær kontorstad.

Det er atterhald om ekstern finansiering med tanke på varigheita av prosjektet.

Vi søkjer etter ein person med minimum 3-årig høgskoleutdanning med helsefagleg bakgrunn, gjerne med erfaring frå kommune- og/eller spesialisthelseteneste.

Ved tilsetting vil vi vektlegge mellom anna …
• Kommunikative evner
• Erfaring med tverrfagleg arbeid
• Undervisningserfaring
• Kunnskap i bruk av digitale verktøy
• Prosjektkompetanse
• Entusiasme for fagområdet
• Fleksibilitet
• Personlege eigenskapar

Reiseverksemd mellom kommunane må påreknast, og den som blir tilsett må disponere eigen bil. I hovudsak vil arbeid vere på dagtid, min vi ønskjer noko fleksibilitet med tanke på arbeidstid. 

Løn etter avtale.

Under følgjer kort omtale av føremål med prosjekt:
Aukra kommune er vertskommune for eit prosjekt som har som siktemål å initiere og gjennomføre førehandssamtalar i kommunehelsetenesta i alle Romsdalskommunar med dokumentasjon og oppfølging gjennom bruk av Palliativ plan, samt kartlegging av nytten av modellen for brukar og pårørande.

På grunnlag av systematisk medverknad frå brukaren i forhold til eige livssyn, forventningar og livsperspektiv skal eit individuelt tilpassa kommunalt helsetilbod være eit like godt eller betre alternativ til behandling i sjukehus. Målgruppa er først og fremst brukarar av kommunale helsetenester som er over 65 år og deira pårørande. Prosjektet sin intensjon vedkjem likevel alle brukarar i omsorgstenesta uavhengig av alder og diagnose, og støtter det generelle plan- og kvalitetsforbetringsarbeidet i omsorgssektoren.

Palliativ plan er allereie innført i alle ROR-kommunar og ved sjukehuset. Vi ser at vi kan auke kvaliteten på dette arbeidet med å trygge helsepersonell i initiering og gjennomføring av førehandssamtalar. Vi ser også at det er behov for å vurdere om pårørande er tilstrekkeleg inkludert og ivaretatt i arbeidet. Like eins vil vi gi auka fokus på at fleire pasientgrupper enn kreftpasientar dreg nytte av systematisk kommunikasjon og planlegging.

Vi skal undervise om organisering av samtalen (invitasjon, tidsramme, val av rom, leie samtale, førebuing med tanke på sjukdomshistorie m.m.) og tilby rettleiing i kommunikasjon. Ved å bruke ein ferdig samtaleguide med oppsette tema, men samtidig opne opp for den frie, gode samtalen, skal ein systematisk kunne kartlegge og seinare dokumentere pasienten sine prioriteringar og preferansar.

Prosjektet skal føre til etablering av verktøy for god støtte i ulike avgjersler på alle sjukeheimar og i heimetenesta og bidra til eit individuelt tilpassa helsetilbod for skrøpelege eller eldre multisjuke pasientar. Tiltaka er prega av tett samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Felles vurderingar både på sjukehus, på sjukeheim eller heime hos pasienten skal vidareførast i ordinær drift etter at prosjektperioden er over. Det skal være fokus på at pasienten får den rette og mest meiningsfulle behandlinga på rett stad, og arbeidet skal bidra til best mogleg livskvalitet for brukar og pårørande og mest mogleg heimetid.

Prosjektomtale kan sendast ved førespurnad.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4090941
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 27.09.2021