• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4306904
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 07.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Prosjektleiar - utbyggingsprosjekt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samfunnsutvikling er eit kommunalområdet med om lag 25 tilsette og blir leia av kommunalsjef. Kommunalområdet har ansvar for eigedomsforvaltning,  ulike kommunale utbyggingsprosjekt, samt samfunnstryggleik og beredskap. I tillegg ligg desse tenestene under kommunalområde samfunnsutvikling: plan- og byggesak, overordna miljø- og planarbeid, folkehelse, brann og redning, drift og vedlikehald, kart og oppmåling, næring og landbruk, infrastruktur og kyrkja.

 

Kommunen vår har mange spennande utbyggingsprosjekt som treng prosjektleiing og vår nye prosjektleiar må ha byggteknisk kompetanse, god fagleg innsikt og må kunna arbeida systematisk og sjølvstendig. Prosjektleiaren vil vere ein del av eit team med ansvar for å følgje opp våre prosjekt. Stillinga ligg i stab og rapporterer til kommunalsjef samfunnsutvikling. 

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Prosjektutvikling, prosjektleiing, og ivareta kvalitet, økonomi, framdrift og FDV- dokumentasjon.
  • Planlegge og prosjektere nybygg, anlegg samt vedlikehalds- og oppgraderingstiltak på kommunal bygg- og anleggsmasse.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og gjennomføra tilbodsprosess i samsvar med lov om offentlege anskaffelser.
  • Følge opp utføring og leverandørar som byggherre, oppfølging av innleigde rådgjevarar og konsulentar.
  • Ta i vare kommunen sitt krav som byggherre i samsvar med byggherreforskrifta.
  • Identifisera videre behov innafor eininga og bidra til planlegging av framtidige tiltak.
  • Sakshandsaming og rapportering innanfor eige arbeids- og ansvarsområde.
  • Leie og gjennomføra kommunale prosjekt frå vedtak til ferdigstilling, inkludert – økonomi og rapportering

 

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning innan byggfag eller anna relevant ingeniørutdanning
  • Prosjekterfaring med gjennomføring av større og mindre prosjekter med byggherreansvar
  • Kjennskap til offentlege anskaffelser
  • Ønskeleg med kunnskap om digital infrastruktur
  • Førarkort kl B

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er strukturert, resultatorientert og ikkje minst har ein god gjennomføringsevne. I tillegg må du ha gode samarbeidsevner og vere ein god relasjon- og nettverksbygger. Vidare må du ha:

  • god vurderingsevne
  • evne til initiativ og planlegge arbeidet
  • gode kommunikasjonsevner
  • god skriftleg og muntleg framstillingsevne
  • stor arbeidskapasitet
  • tryggleik i rolla
  • god økonomisk forståing

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4306904
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 07.01.2022