Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6900, FLORØ
KINN
Antall stillinger
1karriere-kode
5335063Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 30.08.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjord1 ASA
Prosjektleiar nybygg
Ferger
VI HAR LEDIG STILLING SOM PROSJEKTLEIAR NYBYGG I VERDAS LEIANDE FERGESELSKAP!
Nybygg er organisert under divisjonen Teknologi og prosjekt (T&P) i lag med Teknisk driftsstøtte, Teknologi og utvikling, Anbods støtte og Prosjektrealisering. Totalt tel T&P 18 dyktige og dedikerte kollegaer innan ulike tekniske fagfelt.
Nybygg har ansvar for bygging av nye fartøy og ombygging/oppgradering av eksisterande fartøy. I stillinga vil du følgje opp nybyggings- og ombyggingsprosjekt frå idéstadium til ferdig produkt. Dette gjer du i tett samarbeid med driftsorganisasjon, designselskap, verft, utstyrsleverandørar, klasse og myndigheiter. Periodevis vil du jobbe med teknologiutvikling og implementering av ny teknologi på våre fartøy. Du vil og vere med i anbodsarbeid knytt til fartøykonsept, energisystem, rutestudier og kalkylar.
Lura du fortsett på kvifor du skal søkje på stillinga?
Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. Vi trur på den positive effekten av godt humør. I Fjord1 skapar vi ein arbeidskultur der smil og entusiasme trivast. Vi setter stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette skapar tillit både internt og eksternt. Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer.
For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønnsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling. Teamarbeid er avgjerande for vår suksess, og vi samarbeida på tvers av avdelingar og fagområde. I Fjord1 er vi stolte av arbeidet vårt og den betydinga vi har i samfunnet og det grøne skiftet.
Kven håpar vi at du er?
Vi ser etter deg som er løysingsorientert og som trivast med stor grad av samhandling. Du er systematisk, analytisk og nysgjerrig på ny teknologi ,og moglegheitene som ligg i dette. For å lykkast i stillinga må du ha gode kommunikasjonseigenskaper, evne til å engasjere, motivere og styre både interne og eksterne prosjektdeltakarar.
Reising til spennande prosjekt i inn og utland må påreknast.
Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søkje då vi ynskjer eit balansert mangfald i avdelinga. Relevant arbeidserfaring er ein fordel, men vi ynskjer også nyutdanna velkommen til å søkje.
Har du lyst å delta i oppbygginga av ei meir berekraftig ferjenæring og lede an i teknologiutviklinga? Då håpar vi at du sender oss din søknad!
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning innan relevant fagfelt, gjerne maskin- eller marinteknikk
- Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring, men ikkje eit absolutt krav
- Gode kommunikasjonseigenskapar munnleg og skriftleg
- Du har gode norsk og engelsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Du har gode IT kunnskapar
Personlige egenskaper:
- Systematisk og strukturert
- Analytisk
- Nysgjerrig
- Sjølvstendig
- Løysingsorientert
- Gode leiar- og samarbeidseigenskapar
Vi tilbyr:
- Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling med nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer og hurtigbåtar
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar
- Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6900, FLORØ
KINN
Antall stillinger
1karriere-kode
5335063Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
- Oppdatert 30.08.2023