• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4689494
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 01.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjord1 ASA

Prosjektleiar nybygg

Ferger

 

ATTRAKTIV OG UTFORDRANDE MOGLEGHEIT I VERDAS LEIANDE FERGESELSKAP!

 

Ved vår Nybyggsavdeling har vi stor aktivitet og vi ynskjer derfor å styrkje avdelinga med ein ny prosjektleiar. 

Nybygg er organisert under divisjonen Teknologi og prosjekt (T&P) i lag med Teknisk driftsstøtte, Teknologi og utvikling samt Anbud. Totalt tel T&P 18 dyktige og dedikterte kollegaer innan ulike tekniske fagfelt. 

Nybygg har ansvar for bygging av nye fartøy og ombygging/oppgradering av eksisterande fartøy. I stillinga vil du følgje opp nybyggings- og ombyggingsprosjekt frå idéstadium til ferdig produkt, i tett samarbeid med driftsorganisasjon, designselskap, verft, utstyrsleverandørar, klasse og myndigheiter. Frå tid til anna vil du jobbe med teknologiutvikling og implementering av ny teknologi på våre fartøy, og du vil bli ein del involvert i anbodsarbeid.

Vi ser etter deg som har høgare utdanning, er løysingsorientert og trivast med stor grad av samhandling. Du er systematisk, analytisk og nysgjerrig på ny teknologi og moglegheitene som ligg i dette. For å lykkast i stillinga må du ha gode kommunikasjonseigenskaper, samt evnen til  å engasjere, motivere og styre både interne og eksterne prosjektdeltakarar.   

Ein må pårekne ein del reiseverksemd i stillinga.

Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søke for å oppretthalde eit balansert mangfold i avdelinga. Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring, men også nyutdanna oppfordrast til å søke. 

Stillinga rapporterar til leiar Nybygg.

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning innan relevant fagfelt, gjerne maskin- eller marinteknikk
  • Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring, men ikkje eit absolutt krav
  • Gode kommunikasjonseigenskapar muntleg og skriftleg
  • Du har gode norsk og engelsk kunnskapar muntleg og skriftleg
  • Du har gode IT kunnskapar

Personlige egenskaper:

  • Systematisk og strukturert
  • Analytisk
  • Nysgjerrig
  • Sjølvstendig
  • Løysingsorientert
  • Gode leiareigenskapar og samarbeidsevne

Vi tilbyr:

  • Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer og hurtigbåtar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4689494
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 01.07.2022