• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4674406
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 10.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Prosjektleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Er du ein som kan vera med og utvikle det førebyggjande arbeidet i Austevoll kommune

Austevoll kommune har ledig 50% midlertidig prosjektleiar for prosjektet «Tidleg oppdaging, tidlege tiltak».

Arbeidsstad

Austevoll kommune er i gong med å utvikla modellar for det førebyggande arbeidet for barn og unge. Kommunen har utarbeidd ein plan for arbeidet, implementert den i den politiske leiinga og har etablert styringsgruppe og arbeidsgrupper. I tillegg har vi landa på modell og etablert eit godt nettverk.

Prosjektet er ei tverrfagleg satsing på tvers av einingar og faggrupper som skal gje gode oppveksttilhøve for barn og unge i Austevoll kommune. Dette skal ein oppnå gjennom tidlegast mogleg oppdaging av vanskar, betre tiltak, og betre samhandling einingar imellom, og mellom kommune og føresette. Dei overordna føringane for denne satsinga finn ein både i «Nasjonal rettleiar  for tidleg oppdaging av utsette barn og unge» (2019) og i oppvekstreforma (2021) kor kommunane vert pålagde å ha ein plan for det førebyggjande arbeidet, og til å utvikle dei kommunale tenestene slik at barn og unge får rett hjelp til rett tid. Austevoll kommune har valt å utvikla ein digital handlingsrettleiar for «Betre Tverrfagleg Innsats» (BTI) og kor prosjektleiar vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet. Austevoll har òg slutta seg til eit BTI-nettverk for Sunnhordlands- og Nord-Rogalands-kommuner, og vil underteikna ein samarbeidsavtale med Korus-vest, som vil vera ein viktig støttespelar og rettleiar i det vidare prosjektarbeidet.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Sikra framdrift og oppfølging for å nå måla i satsinga
  • Planleggja samlingar internt
  • Delta i samlingar internt og eksternt
  • Setja planar, rutinar og verktøy i system og forankra tiltak i dei ordinære tenestene
  • Dokumentera og evaluera prosjektet, og rapportera etter oppsett plan
  • Forankra plan for det førebyggjande arbeidet i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå
  • Prosjekterfaring og god økonomisk forståing
  • God system- og rolleforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det vil bli lagt stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • Du er fagleg engasjert, likar utfordringar og tek initiativ til å jobba fram forbetringar og gode løysingar
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å ha ansvar
  • Du kommuniserer godt og motiverer til innsats mot felles mål
  • Du er sjølvstendig og har god evne til å organisera arbeidet, men er også samarbeidsvillig og løysingsorientert
  • Du er ein lagspelar som jobbar systematisk og målretta
  • Du har interesse for økonomi og planlegging, og kan delegera oppgåver

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4674406
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 10.08.2022