Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
30.11.2022Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4865246Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 10.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Samnanger kommune
Prosjektkoordinator for digihjelpen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Samnanger kommune er løyvd tilskot frå kommunal- og moderniseringsdepartementet til prosjektet Digihjelpen.
Målet med Digihjelpen-prosjektet er å legge til rette for at alle kommunar i landet kan etablera eit fast lågterskel rettleiingstilbod der personar med liten eller ingen digital kompetanse kan få rettleiing. Den eine delen av prosjektet er rettleiingstilbod retta mot seniorar 65+ og innbyggarar som står utanfor arbeidslivet. Den andre delen av prosjektet er rettleiingstilbod retta mot alle innbyggarar. Sjå www.ks.no for meir informasjon om Digihjelpen.
Me ser etter ein prosjektkoordinator som kan vidareutvikle visjonane våre, og syte for ei organisering som gjer at kommunen kan halde fram med rettleiingstilboda etter at prosjektet er avslutta.
Du vil få høve til å jobba med ei styringsgruppe, arbeidsgrupper og andre relevante aktørar.
Næraste leiar vert einingsleiar for kultur.
Det er ønskje om tilsetjing snarast mogleg. Stillinga er ei 20 % prosjektstilling.
Prosjektet og prosjektstillinga vert avslutta 31.12.2023.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å planleggja, utvikla og gjennomføra prosjektet
- Gjennomføra planleggingsmøter med styrings- og arbeidsgrupper
- Utarbeida prosjektplan og forslag til organisering
- Halde deg fagleg oppdatert og syte for at mål og krav for prosjektet vert følgd
- Halde styringsgruppa og næraste leiar oppdatert
- Evaluere prosjektet og utarbeida sluttrapport
Andre prosjektrelaterte arbeidsoppgåver kan verta aktuelt
- Det vil verta noko ettermiddags- og kveldsarbeid
- Arbeidsdagar vert bestemt etter nærare avtale
Kvalifikasjonar
Krav:
- 3-årig relevant høgskule eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan fagområda informasjons- og datateknologi eller media og kommunikasjon. Anna relevant utdanning vert òg vurdert
- Gode digitale evner
- Sertifikat klasse B
Ønskjer:
- Erfaring frå arbeid retta mot publikum
- Erfaring frå prosjektleiing og/eller deltaking i prosjekt
- Erfaring med visuell kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Engasjert og interessert i prosjektinnhaldet
- Gode samarbeidsevner, og vera serviceinnstilt
- Løysingsorientert med evne til strategisk og heilskapleg tenking
- Jobba strukturert, ryddig og ha gjennomføringsevne
Søkjar vil verta vurdert i høve personlege eigenskapar
Me tilbyr
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
- Barnehageplass for tilsette sine born
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
30.11.2022Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4865246Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
- Oppdatert 10.11.2022