Socon Norheimsund Sveis AS

Platearbeidar/sveisar/industrirøyrleggjar

Sveiseverksted

Socon Norheimsund Sveis AS søker platearbeidar/sveiser/industrirøyrleggjar.

Grunna auka aktivitet og oppdragsmengder søkjer me etter fleire platearbeidarar, sveiserar og industrirøyrleggjarar til vårt arbeidslag.

I Socon Norheimsund Sveis er me stolte av å ha bygd opp ein arbeidsplass med gode rutinar og gode kollegaer. Me får inn mange varierte arbeidsoppdrag og som operatør hjå oss vil du difor få ein variert vidareutvikling av din kompetanse innan fagfeltet.

Me ser etter deg som kan jobbe sjølvstendig og finn smarte løysingar for å få arbeidsoppgåva gjort. Du liker å jobbe med hendene og er nysgjerrig på å læra. Om du i tillegg arbeider systematisk og er opptatt av å følgje standardar og HMS-krav, vil du passe godt inn hjå oss.


Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring som platearbeidar, sveisar eller industrirøyrleggjar.
  • Førarkort kl. B
  • God i norsk, munnleg og skriftleg.

Ikkje krav, men fordel med:

  • Fagbrev
  • Sveisesertifikat 111/136/138/141
  • Sertifikat for truck og G-4 traverskran

Som tilsett hjå oss er du del av ein fin arbeidsgjeng med godt humør og arbeidslyst.
Me har tariffavtale gjennom Fellesforbundet med ryddige lønsforhold.

Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med vår daglege leiar, Einar Vindenes, på tlf. 41537130.

Om dette høyre spanande ut vil me gjerne ha din søknad med CV. Den kan sendast til oss via finn- annonse eller til e-post: ingvild@sotragruppen.no. Søknadar vert vurdert fortløpande.

Socon Norheimsund Sveis AS har sidan 1991 drive allsidig verksemd innan mekanisk produksjon og vedlikehald til industri-, anlegg-, skips-, og offshoresektorane. Produksjonslokale og kontor ligg sentralt i Norheimsund.
Socon Norheimsund Sveis AS er eit selskap i konsernet Sotra Gruppen AS. Konsernet består av morselskap og tre dotterselskap. Vårt søsterselskap Sotra Anchor & Chain AS er ein av Europas største innan anker og kjetting med kundar over heile verda og vårt søsterselskap Sotra Contracting AS på Vindenes tilbyr mekaniske tenester til shipping, fiskeri, oppdrett og industri.