Ledig stilling

Austevoll kommune

Personalkonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Austevoll kommune har ledig ei nyoppretta stilling som personalkonsulent. Stillinga høyrer til avdeling for Personal- og organisasjonsutvikling og rapporterer til personalsjef.  

Personal – og organisasjonsutvikling har ansvar for personaladministrasjon, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, leiarutvikling, rekruttering, HMS og sjukefråvær, arbeidsrettslege tema, arbeidsgjevarpolitikk, drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar. Austevoll kommune har fokus på vidareutvikling og forbetring av rutinar og stillinga skal bidra til at vi driftar kommunen effektivt og utviklar kommunen som arbeidsgjevar til beste for både tilsette og innbyggjarane.

 

Arbeids – og ansvarsområde

  • Støtte og rådgje leiarar og medarbeidarar i personaladministrative saker
  • Personaladministrative oppgåver med fokus på kvalitetsutvikling
  • Rekrutteringsbistand til leiarar
  • Oppfølging av sjukefråvær
  • Rutineutvikling av ulike arbeidsprosessar innan HR/HMS-feltet
  • Vidareutvikla personal- og leiarhandbøker
  • Sekretariatsfunksjonar for ulike råd og utval
  • Forenkling og forbetring av administrative prosessar
  • Sakshandsaming innanfor feltet

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, ønskeleg med masternivå
  • Administrativ erfaring og kompetanse innan HR/HMS
  • Kjennskap til bruk av administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
  • Kunnskap om arbeidsrett og kollektive avtalar er ein fordel
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
  • God skrifteleg og munnleg kompetanse

Søkjar må vere personleg eigna for stillinga. For oss er det svært viktig at du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner. Vi søkjer deg som evner å ta initiativ, som arbeider sjølvstendig og likar å arbeide i team. Vidare søkjer vi deg som:

  • er fleksibel
  • har fagleg engasjement for HR-feltet
  • har stor arbeidskapasitet og fokus på kvalitet
  • arbeidar systematisk og strukturert
  • er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar. Kvalifiserte tilsette med masterutdanning vil få stillingskode rådgjevar.
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar

 

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.