Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
25.10.2020Anställningsform
workTime.HeltidBransch
Samferdsel og infrastrukturUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6215, EIDSDAL
FJORD
Antal befattningar
1Karriere-kod
3209582Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
- Uppdaterad 25.10.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjord1 ASA
Overstyrmann reservefartøy Indre Sunnmøre
Samferdsel og infrastruktur
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann reservefartøy på Indre Sunnmøre.
Per dags dato er dette MF Aukra, MF Sykkylvsfjord og MF Solskjel.
Stillinga skal sikre at fartøya har forsvarleg ettersyn i opplagsperiode, samt at tilstand ved avslutning av opplagsperiode er tilstrekkelig ivaretatt. I stillinga vil du i arbeidsperioden vere stasjonert rundt på dei ulike fartøya etter behov, i området Brattvågen - Hjørundfjorden - Eidsdal.
Turnus: 71 timers veke - 2 veker på og 2 veker fri.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
- D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av (71 timers veke)
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
25.10.2020Anställningsform
workTime.HeltidBransch
Samferdsel og infrastrukturUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6215, EIDSDAL
FJORD
Antal befattningar
1Karriere-kod
3209582Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
- Uppdaterad 25.10.2020