Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

OT/PPT-rådgivar

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Rettleiingstenesta i Sunnhordland er ein del av Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg elevar/lærlingar og ungdomar fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi gir tenester til alle vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune.

Arbeidsoppgåver
Følgje opp ungdom utanfor opplæring eller arbeid og bidra til å få dei inn i skule, arbeid eller tiltak.
Etablere nettverk mot samarbeidspartnarar og utvikle tiltak retta mot målgruppa.
Kartlegging.
Drive kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særskilte behov. Vi er sakkunnig instans og skal sørgje for sakkunnig vurdering der lova krev det. Ulik utgreiingskompetanse er derfor ein fordel å ha.






Kvalifikasjonar
Søkjarar må fortrinnsvis ha høgare utdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.  
Vi har behov for ein dyktig medarbeidar som har god kjennskap til systema rundt ungdom som står utanfor opplæringssystemet. Søkjarar må kunne vise til resultat frå utviklingsarbeid.
Søkjarar må disponere bil.
Søkjar må leggje fram gyldig politiattest.
Det er krav om god kjennskap til bruk av ulike dataprogram og sosiale media.





Personlege eigenskapar
Vi treng medarbeidarar som kan vise til stor grad av relasjonskompetanse, er fleksibel, trygg og motiverande i møte med ungdom og samarbeidspartnarar. Søkjarar må ha gode evner til munnleg og skriftleg framstilling, og må kunne halde kurs og presentasjonar. Oppgåver og arbeidsform krev stor grad av sjølvstende. 

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.

Vi legg til rette for rettleiing og moglegheiter for vidareutvikling av fagkompetansen.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.  

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.