Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Open søknad helse og omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Pleie og omsorg har kontinuerleg behov for vikarar. Er du interessert i arbeid i helse og omsorg, eller eventuelt å stå som tilkallingsvikar må du registrera søknaden og CV din her ved å klikka på "Søk på stillinga". Søkjarlista til denne stillingsannonsa vert nytta som vikarliste av dei ulike avdelingane i pleie og omsorg. Gruppeleiar tek kontakt med aktuelle søkjarar når behovet for vikar oppstår.

Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda fram til 31.12.2022, er du framleis interessert i arbeid etter søknadsfristen, må du søkja på nytt.

Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår. Du er velkomen til å søkja på utlyste stillingar dersom du meiner du er kvalifisert til desse.

Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/


Arbeidsoppgåver
  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar
  • Miljøarbeid

Kvalifikasjonar
  • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
  • Vernepleiar/vernepleiarstudent
  • Helsefagarbeidar
  • Pleiemedarbeidar
  • Du må ha fylt 18 år
  • Du har interesse for omsorgsarbeid

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.


Personlege eigenskapar
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring vert gitt
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar


Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette