Ønskjer du å arbeide med løysingar for fremtida? 

Statistisk sentralbyrå - SSB

Offentlige tjenester og forvaltning

I Seksjon for fag- og fellessystem er det tre ledige stillingar som utviklar/seniorutviklar for skybaserte tenester. Seksjonen har 22 dyktige og erfarne medarbeidarar som forvaltar SSB sitt IT-system on-prem. SSB er inne i ei veldig spennande tid, kor mange fellestenester og løysingar skal realiserast på skyplattform, og vi ønskjer å styrke utviklingsmiljøet vårt innanfor skybaserte tenester. Tenestene skal understøtte registersystem, datafangst med API/datastraumar, metadatahandtering, datastraumar mellom bakke- og skyløysing, og leggje til rette tenester og funksjonar som kan brukast av statistikkprodusentane.

Arbeidet vil føregå i tverrfaglege team basert på smidig metodikk, med fokus på høg grad autonomi. Du har interesse for og kjennskap til statistikkproduksjon, og ønskjer å arbeide med løysingar for framtida.

Arbeidsoppgaver:

  • Utvikle, drifte og forvalte neste generasjon tenester i SSB si skyløysing, basert på eit breitt spekter av teknologi.
  • Etablere datafangstløysingar frå næringslivet (API, datastraumar, Altinn m.m.).
  • Etablere registerbaserte løysingar og tenester til statistikkproduksjonen.
  • Arbeide i autonome tverrfaglege team.
  • Bidra til kompetansebygging blant kollegaer.
  • Bidra til at SSB fortset å vere Noreg sin fremste faktaleverandør.
  • Stillingane kan få andre oppgåver innanfor seksjonen sine arbeidsområde.

Kvalifikasjoner:

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • Erfaring med å byggje løysingar på skyplattform.
  • Erfaring med Java11, Python, Go, Kotlin eller tilsvarande.
  • Erfaring med smidige utviklingsmetodar og bruk av Jira, Git etc.
  • Erfaring med Cloud Native.
  • Erfaring med automatiserte testar og CI/CD pipelines.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Kjennskap til statistikkproduksjon.
  • Erfaring med Google Cloud Platform.
  • Erfaring med utvikling av tenester på Kubernetes.
  • Erfaring med infrastruktur som kode.
  • Erfaring med dokumentasjon av arbeidsprosessar og dokumentasjonssystem. 
  • Erfaring med DevOps.

Personlige egenskaper:

  • Du har gode kommunikasjonsevner og evne til å lære bort.
  • Du har gode samarbeidsevner, og likar å jobbe i team og ut mot brukarar.
  • Du har evne til å sjå gode løysingar og prioritere.
  • Du har god serviceinnstilling overfor brukarar.
  • Du trivst med eit operativt fokus og evne til å handtere mange oppgåver samtidig.
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Lønn som rådgivar eller seniorrådgivar i lønnsspenn frå kr. 553 500 til kr 948 900 (ltr. 61-85), etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning.
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo og Kongsvinger.
  • Eit godt fagleg miljø som gjev gode høve for eigenutvikling.
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Generelle opplysningar:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.