Bedrift
Madsen og Brekke ASSøknadsfrist
21.05.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Bemanning og rekrutteringUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5590, ETNE
ETNE
Antall stillinger
1karriere-kode
5164884Se her for andre jobber fra Madsen og Brekke AS
- Oppdatert 29.04.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Madsen og Brekke AS
Økonomisjef
Bemanning og rekruttering
Etne kommune søkjer økonomisjef
Som økonomisjef vil du få ei sentral rolle i kommunen si leiargruppe. Du vil rapportera til kommunedirektøren og må ha evne til å arbeida både på strategisk og operativt nivå. Økonomisjefen skal leggja til rette for god økonomistyring i kommunen og følgja opp politiske vedtak.
Me søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og fagleg sterk leiar som skal ha det overordna og faglege ansvaret for kommunen si økonomistyring. Økonomisjefen skal vera støttande og rådgjevande for kommunen sitt tenesteapparat og ein aktiv pådrivar for heilskapstenking og utvikling av kommunen. Organisasjonen er i kontinuerleg utvikling, og har stort fokus på fleksibilitet og tverrfaglege samarbeid. Me ser gjerne at du har erfaring frå kommunal sektor og du må kunne kommunisera godt med ulike typar menneske og medverka til samhandling på tvers i organisasjonen.
I kommunen har me verdiane RAUS, TRYGG og ENGASJERT som ligg i botn for vårt arbeid.
Kvalifikasjoner:
ME YNSKJER AT DU HAR:
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
- God erfaring med økonomi- og verksemdstyring
- Leiarerfaring med personalansvar
- Erfaring frå offentleg verksemd
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- God digital kompetanse
Personlige egenskaper:
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- God på strategi, struktur og metode
- God gjennomføringsevne, løysningsorientert og nytenkande
- Trygg og tillitskapande med gode analytiske evner
- Likar å samarbeida med andre og evnar å skapa gode relasjonar
- Gode kommunikasjonsevner
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
ME TILBYR:
- Ein utfordrande og spennande leiarstilling i ein utviklingsorientert kommune
- Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
KONTAKTPERSONAR OG SØKNADSHANDTERING:
- Me gjer merksam på at etter at søknadsfristen er gått ut, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar dersom ein søkar ber om det. Hvis dette ikkje blir tatt til følgje vil søkjaren bli varsla.
- Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke ved Brit Skjølingstad, tlf. 90 27 33 40 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til kommunedirektør Filippo Ballarin, tlf. 951 74 206.
Bedrift
Madsen og Brekke ASSøknadsfrist
21.05.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Bemanning og rekrutteringUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5590, ETNE
ETNE
Antall stillinger
1karriere-kode
5164884Se her for andre jobber fra Madsen og Brekke AS
- Oppdatert 29.04.2023