• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    Økonomi
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Andre arbeidssteder
    Sogndal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3384646
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 17.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Økonomiservice søker trainee innan ulike fagfelt

Økonomi

Om stillinga:

Økonomiservice treng fleire dyktige og framoverlente medarbeidarar, og søker derfor etter ein trainee innan økonomi- og rådgjeving. Vi ønsker å gjere kvardagen enklare for kundane våre, og er ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester. Bransjen og selskapet er i ei spennande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester, og denne utviklinga vil vi at du skal ta del i. I Økonomiservice vil du få varierte oppgåver saman med 30 trivelege og engasjerte kollegaer.

Arbeidsoppgåver:

  • Rekneskapsarbeid, rapportering, årsrekneskap og skattemeldingar for små og mellomstore verksemder og landbruk.
  • Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike område.
  • Bidra til vidareutvikling av tenestene våre.

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant utdanning.
  • Trivast med kundekontakt og relasjonsbygging.
  • Endrings- og lærevillig, løysingsorientert og nysgjerrig.
  • Strukturert.
  • Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner.
  • Gode IT-kunnskapar.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi tilbyr:

I Økonomiservice vil du få utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver, og oppleve at vi strekker oss langt for kundane våre. Samtidig får du stor grad av fleksibilitet, og det er fullt mogleg med heimekontor og pudderfri, så lenge du utfører oppgåvene dine.I tillegg er det for enkelte oppdrag naturleg å arbeide ute hos kundane delar av tida.

Som trainee er du innom ulike oppgåver og får innsyn i heile organisasjonen. Du får delta i eit sterkt fagmiljø med rom for utvikling og vere del av eit uformelt og godt arbeidsmiljø.

Vi er i dag 30 trivelege medarbeidarar fordelt på kontor i Lærdal, Sogndal, Leikanger, Årdal og Vang. I 2019 hadde vi 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstra-kjeda

SAMAN SKAPAR ME VERDI - gjennom å vere Tett På - Løysingsorienterte – Framtidsretta

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Arbeidsstad:Lærdal/Sogndal

Kontaktperson: Jon Arve Hatlevoll 916 32 837 jon.arve.hatlevoll@vekstra.no

Tilsetting: August 2021 til august 2022.


 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Trainee
  • Ansettelsesform
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Bransje
    Økonomi
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Andre arbeidssteder
    Sogndal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3384646
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 17.03.2021