• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    24.09.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5349233
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
  • Oppdatert 08.09.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad

Økonomikonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Rekneskap og analyse har ledig ei ufordrande og interessant stilling innan fakturering og eigedomsskatt!

Me søkjer deg som vil væra med og drifta kommunen sitt faktureringssystem og utvikla arbeidsprosessane.

Du vert del av eit godt fagmiljø av personar med ulik fagbakgrunn. Avdelinga har totalt 9 medarbeidarar som jobbar innan rekneskap, fakturering, eigedomsskatt innfordring, økonomi og analyse. 

Arbeidsoppgåver

  • Fakturering av alle kommunale tenester i Visma Enterprise. I hovudsak filoverføring frå forsystem.
  • Rettleia og svara på spørsmål frå innbyggjarar
  • Ha ansvar for oppfølging av eigedomsskatt og være sekretær for eigedomsskattenemnda og klagenemnda
  • Systemansvar for fakturasystem (Visma Enterprice) og system for kommunale avgifter (Komtek)
  • Væra pådrivar for forbetringsarbeid og kontinuerlig leita etter forenkling og effektivisering av prosessar
  • Avstemming og kontroll

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan rekneskap og økonomi på høgskulenivå, bachelor er ønskjeleg
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • God IT- og systemforståelse
  • God kommunikasjons- og samarbeidsemne, og kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver raskt
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Me ønskjer ein kollega som trives med travle arbeidsdagar, er sjølvgåande og ansvarsbevisst
  • Du er serviceinnstilt, løysing- og utviklingsorientert
  • Du har interesse for utvikling og bruk av IT-verktøy som forbetrar arbeidsprosessar
  • Du er nøyaktig, strukturert og kan prioritera mellom oppgåver
  • Du er lærevillig og open for endringar

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobbar saman om å utvikla kvarandre og Kvam herad
  • Spennande, meiningsfull og utfordrande arbeidsoppgåver hjå ein viktig samfunnsaktør som er i stor endring
  • Ein sjølvstendig arbeidskvardag med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    24.09.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5349233
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
  • Oppdatert 08.09.2023