ØKONOMI- OG ADMINISTRASJONSLEIAR

Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har vel 60 årsverk og omkring 60 millionar i omsetnad. Me søkjer no etter økonomi – og administrasjonsleiar som får ei sentral rolle institusjonen.

Somøkonomi – og administrasjonsleiar får du eit overordna ansvar for økonomi og stab. Du blir næraste leiar for ein engasjerte og dyktig stab som har som formål å yte sørvis til organisasjonen og bidra til ei trygg og god drift av museet.

Me ser etter deg som evner å skape entusiasme for utvikling og fornying. Du har fagleg tyngde innan økonomi, gode leiareigenskapar, og motiverast av ei spanande og interessant leiarrolle innan kulturfeltet.

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Samla ansvar for økonomi:
    • Budsjettering, rekneskap og økonomistyring
    • Prosjektrekneskap
    • Likviditetsstyring
    • Styringssystem, kvalitetssikring og rapportering
  • Leiing av stabsfunksjonane
  • Aktivt følgje opp dei ulike einingane og gi økonomisk rådgjevning til avdelingsleiarane
  • Fylle ei nøkkelrolle i museets leiargruppe og utviklingsarbeid
  • Bidra i strategiarbeid
  • Tett samarbeid mellom kollegaer og leiarar i verksemda
  • Samarbeid med eksterne relasjonar som revisor, bank, forsikringsselskap, arbeidsgjevarorganisasjon og offentlege myndigheiter m.v.

ØNSKA KVALIFIKASJONAR:

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Meir enn tre års praktisk erfaring innan økonomi og rekneskap
  • Interesse for forbetringsarbeid, IT og digitalisering
  • Erfaring med tilsvarande rolle og leiaransvar er ein føremon
  • Erfaring med sakshandsaming og styrearbeid er ønskjeleg
  • Erfaring med innkjøp og forhandlingar er ein føremon
  • Interesse og engasjement for kultur og historie
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Talent, nysgjerrigheit og evne til å lære er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjoner og eit ønskje om å utvikle deg vidare, oppfordrer vi deg til å vise interesse for stillinga.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • God forretningsforståing
  • Relasjonsbyggjar med god kommunikasjonsevne
  • Oppteken av resultat og kvalitet
  • Strukturert og nøyaktig
  • Oppteken av å yte god sørvis

Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerandearbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjellog fjord er aldri langt unna. Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning.

Arbeidsstad vil vera med utgangspunkt i avdelinga vår i Norheimsund.

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved, rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, jth@hamnoy.no eller rådgjevar Aase Marie Stølås Jørgensen, tlf. 454 72 665, amsj@hamnoy.no.

Vis interesse for stillinga med å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål skalleggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar iinnleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 29. april 2021 – søknader vert vurdert fortløpande.

Tiltreding: Etter nærare avtale.