Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
15.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6231315Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Nye samband ventar – og vi treng fleire som kan få dei i mål
Ferger
Fjord1 er ein verdsleiande pioner i det grøne skiftet. Over halvparten av fartøya våre er elektriske, og no står vi i spissen for å utvikle verdas første sjølvgåande ferjer. Vi bygg framtidas ferjedrift – saman, med stø kurs, fagleg styrke og verdiane våre i ryggen. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, tek vi eit stort ansvar for morgondagens løysingar på fjordane våre.
Fjord1 er allereie godt i gang med det største ferjeløftet gjennom tidene. I dei fleste anbodskonkurransar som blir lyst ut i dag, er miljøkrava skjerpa – med klare forventningar til null- og lågutsleppsteknologi. Med ei rekkje nybygg og nyvinningar har vi sikra oss ein leiande posisjon i elektrifiseringa av norske fjordar.
Vi ønskjer no å styrke kompetansen innanfor prosjektavdelinga vår, og ser etter ein prosjektleiar for anbodsrealisering. Du får ei viktig rolle i å realisere prosjekt vi har vunne i anbod, og sørgje for at dei vert leverte i tråd med budsjett, plan og krav. Som prosjektleiar får du tildelt ein eller fleire rutepakkar, og ansvaret for å realisere alle forhold i anbodet – frå kai og ladeløysingar til mannskap og nybygg. Fullførte prosjekt vert overleverte til drift.
Du får ei sentral rolle i å sikre at overgangen frå anbod til drift skjer sømløst og effektivt. Samstundes får du vere med i eit av dei mest banebrytande prosjekta i norsk ferjehistorie: Lavik–Oppedal-prosjektet, der verdas første autonome ferjer skal settast i drift. Her vil du samarbeide tett med prosjektleiar for Lavik-Oppedal og bidra til å utvikle og realisere løysingar som set standarden for framtidas ferjedrift.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer ansvar, gjennomføring og faglege utfordringar – og som vil vere med på å bygge framtidas maritime infrastruktur, frå kai til ferje.
Arbeidsstad vil vere i Florø, men vi har og kontor i Bergen og i Molde. For riktig kandidat kan det vere aktuelt med arbeidsstad på eit av desse kontora.
Kvalifikasjoner:
Vi ser etter deg som er motivert, engasjert og strukturert – og som har det best når du får kombinere eiget ansvar med tett samspel med andre. Du er opptatt av kvalitet, har ei fleksibel og resultatorientert tilnærming, og held stø kurs sjølv i travle kvardagar. Vi legg vekt på gode samarbeidsevner, og vi trur du er ein positiv og tydeleg kommunikator som skapar gode relasjonar med kollegaer og samarbeidspartnarar.
Vi ønskjer at du har:
- Høgare teknisk eller økonomisk utdanning – lang erfaring kan kompensere
- Erfaring med prosjektleiing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk – og grei på engelsk
Eit mannskap for alle
Vi veit at eit mangfald av menneske, perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Vi tilbyr:
Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.
Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Klar for å stikke ut kursen saman med oss?
Du treng ikkje ha alt på plass for å ta kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg uansett.
Send inn ein søknad, eller slå på tråden om du lurer på noko. Kanskje er dette starten på noko veldig bra – både for deg og oss.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
15.06.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6231315Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
-
Landkrabbe med spisskompetanse innan rekruttering!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Bli ein nøkkelperson i HR-teamet vårt!
Fjord1 ASA
FLORØ -
Vi søkjer deg som trivst med tal, fristar og faglege utfordringar
Fjord1 ASA
FLORØ -
Har du auge for detaljane – og oversikt over heile farvatnet?
Fjord1 ASA
FLORØ -
Vil du bli vår nye maskinsjef?
Fjord1 ASA
KVANNE