• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5156972
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 25.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Ny fastlegeheimel

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.01.24 blir det ledig ein fastlegeheimel med om lag 650 pasientar ved oppstart. Vi søker etter spesialist i allmennmedisin eller ALIS.

Aukra legekontor er kommunalt drive. Frå august 2023 har legekontoret tre fastlegar, to ALIS og ein spesialist i allmennmedisin. Det er 1 LIS1 ved kontoret og dessutan 3,8 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell. Kontoret betener ca. 2600 fastlegepasientar.

I tillegg til kurativ legeverksemd blir det drive førebyggjande helsearbeid, smittevern, helsestasjon og skolehelseteneste, tilsyn med heimebasert omsorg og sjukeheim med palliativt rom. Klinikken er svært godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, EKG, 24 t EKG, 24 t BT apparat, spirometer, *tympanometer, audiometer, ultralydapparat, *ano/*rektoskop, velutrusta skiftestove, laboratorium med god kvalitetskontroll, vaksinasjonsklinikk og eiga smittesluse. Journalsystemet som blir brukt er Hove Total /Patientsky. Helseplattforma blir innført frå årsskiftet 2024/25.

Aukra kommune er ein del av Molde interkommunale legevakt, men har sjølv ansvaret for daglegevakt for Aukra kommune på kvardagar kl.08.00 - 16.00

Arbeidsoppgåver:
• Kurativ verksemd
• Daglegevakt
• Deltagelse i interkommunal legevakt
• Kommunale oppgåver
    - Helsestasjon
    - Skolehelsetjeneste
    - Tilsyn med heimebasert omsorg og institusjon

Ønskte kvalifikasjonar:
Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon. Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS. Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
• Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner
• Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid. Personlege eigenskapar vil bli særlig vektlagd
• God erfaring med digitale verktøy
• Søkar må ha førarkort klasse B

Vi ønskjer at du har gode samarbeidsevner og kan arbeida i team, er interessert i utvikling på fagområdet, er relasjonsorientert og endringsvillig.


Vi tilbyr:
• Fast tilsetting med lønn etter avtale
• Godkjent utdanningsinstitusjon for ALIS og godkjent rettleiar
• Spennende utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
• Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
• Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
• Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
• Gruppe- og ulykkesforsikring

Det blir ikke kravd kompensasjon ved overtaking av praksis.
Vilkår elles etter gjeldande avtalar mellom KS og Legeforeningen.

Særskilde krav:
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding

Søkarliste:
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønskte om reservasjon ikkje blir teken til følge

Søknad sendast: Aukra kommune bruker elektronisk søknadsbehandling. Me ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Send søknad».

Sjå ein kort presentasjon av Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXjI

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    08.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5156972
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 25.05.2023