Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
14.02.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Media, informasjon og PRUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3385153Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 22.01.2021
Ledig stilling
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Norsk rikskringkasting AS
NRK Vestland har ledig fast jobb i Sogn
Media, informasjon og PR
NRK Vestland har ledig ein fast jobb som nyheitsjournalist ved kontoret i Sogndal. Vi skal vere to faste medarbeidarar i Sogndal, og vi er på jakt etter ein journalist som kan setje dagsorden og løfte saker frå Sogn til eit regionalt og nasjonalt publikum.
Vi ynskjer oss ein person som er oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valt av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak.
- Nyheitsarbeid for nett, radio, TV og sosiale medium.
- Utrykking på store hendingar.
- Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer.
Kvalifikasjonar
- Erfaring som journalist og frå nyheitsarbeid.
- Har god nyheitsteft og evne til å jobbe fram eigensaker.
- Er samfunnsengasjert og følgjer med i det lokale nyheitsbiletet.
- Må kunne skrive korrekt og god nynorsk og ha ei sikker munnleg språkføring.
- Har evne til å formidle og velge innhald slik at det treffer eit ungt publikum.
- Har god teknisk og digital forståing.
Personlege eigenskapar
- Har energi og humør.
- Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idèar.
- Har gjennomføringsevne og engasjement.
- Har gode samarbeidsevner og vilje til å vere med på å løfte heile laget
Vi tilbyr
- NRK Vestland har eit godt arbeidsmiljø. I Sogndal er det unike moglegheiter for friluftsliv heile året.
- I NRK Vestland vil det vere gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
- NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.
Annet
- Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
- Søkar må ha førarkort.
Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
14.02.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Media, informasjon og PRUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3385153Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 22.01.2021