Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Nettredaktør for www.udi.no - Kommunikasjonsstaben (48/19)

Offentlig forvaltning

Kommunikasjonsstaben har 15 tilsette. I tillegg til ulike digitale løysingar har vi mellom anna ansvar for mediehandtering, arrangement, språk og profil. Dei nettbaserte kanalane våre er i sterk vekst.

Vi søkjer ein nettredaktør/webredaktør som kan vedlikehalde og vidareutvikle udi.no. Du vil få hovudansvaret for dagleg drift og vedlikehald, og vil ha 1-2 kollegaer som bidreg med innhaldsproduksjon og publisering. Udi.no er tett knytt opp mot andre nettløysingar, og du vil samarbeide med kollegaer som har ansvar for desse. Du vil og ha eit nært samarbeid med IT-avdelinga vår og med fagavdelingane.

Arbeidsoppgaver
  • sørgje for at udi.no er oppdatert, brukarvennleg  og tilpassa målgruppa
  • utvikle og betre innhald basert på brukartesting og annan type brukarinnsikt
  • arbeide med vidare utvikling av struktur og funksjonalitet i samarbeid med resten av webmiljøet i UDI
  • gi fagleg rettleiing til kollegaer og fordele oppgåver
  • støtte fagavdelingane i å formidle regelverk til brukarane gjennom udi.no 
Kvalifikasjoner
  • relevant høgare utdanning (lang og relevant erfaring kan kompensere for kravet)
  • 3–5 års relevant erfaring, deler av dette bør vere som nettredaktør
  • kunne skrive godt og forståeleg (klarspråk) både på norsk og engelsk
  • erfaring med brukartesting og bruk av analyseverktøy
  • erfaring med å gi råd og opplæring i nettarbeid
Personlige egenskaper
  • evne til å veksle mellom dagleg drift og langsiktige prosjekt
  • god gjennomføringsevne
  • samarbeide godt med kollegaer og andre samarbeidspartar for å finne gode løysingar i fellesskap
  • god forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag
Vi tilbyr
  • Spennande jobb med ein nettstad som er viktig for brukarane.
  • Eit miljø med høgt fagleg nivå innan brukarkommunikasjon.
  • Ein organisasjon som satsar på nettbaserte løysingar.
  • Ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, prega av fagleg kompetanse, engasjement og dyktige medarbeidarar.
  • Stillinga blir lønna som seniorrådgivar i lønnsspennet 583 900 kr til 679 000 kr. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring.

Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi vil oppfordre alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Søkjarar som er borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedt om å samtykkje til innsyn i si eiga utlendingssak dersom dei bli kalla inn til intervju. 

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.  

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.