• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3592971
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 15.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Nestleiar (sjukepleiar)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. 

Gulen kommune har ledig 100% vikarstilling som nestleiar frå 24.04.21 - 31.01.23. I stillinga er det både administrative oppgåver knytt til heile eininga, og oppgåver knytt til pleie og stell av pasientar i turnus, med arbeid 3. kvar helg. Turnus er knytt til avdeling Dalsøyra.

Einingsleiar og nestleiar utgjer leiarteamet ved eining Sone BBD. Nestleiar har det praktiske leiaransvaret når einingsleiar er fråværande. Nestleiar har kontorstad på Dalsøyra, og har også funksjonen som avdelingssjukepleiar ved avdeling Dalsøyra. Det er eigne avdelingssjukepleiarar ved avdeling Brekke og Byrknes. 

 

Arbeidsoppgåver

Sjukepleieoppgåver

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i eininga
  • Medikamentadministrasjon
  • Andre sjukepleiefaglege oppgåver
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Administrative oppgåver:

  • Informasjon og rettleiing
  • Kvalitetssikring og -utvikling
  • Bidra til å følge opp kommunale vedtak og beslutningar
  • Vere stedfortredar for einingsleiar 
  • Oppgåver som er lagt til avd.sjukepleiar
  • Andre oppgåver som måtte komme til

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er ein fordel med leiarerfaring
  • Førarkort klasse B
  • God IKT-kompetanse og skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande, kollegaer og leiing
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    14.04.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3592971
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 15.03.2021