Ledig stilling

Sjøfartsdirektoratet - Hovedkontor

Nautikar

Direktorater og tilsynsorgan

Avdeling for fartøy og sjøfolk fører tilsyn med at norske skip og reiarlag held høg standard når det gjeld tryggleik og miljø. Vi jobbar for å betre tryggleiken til sjøs gjennom utvikling av reglar, informasjon og haldningsskapande arbeid, samt oppfølging med tilsyn.

Underavdeling sjøfolk er ei av sju einingar i Avdeling for fartøy og sjøfolk og har mellom anna ansvar for kvalifikasjonar, bemanning, utdanning og arbeidsrettslege forhold. Vi er 19 engasjerte kollegaer med variert bakgrunn. Vi søker no etter fleire vikarer som kan dekke opp for tilsette i permisjon. 

Kvalifikasjoner:

  • Søkar må ha utdanning frå universitet eller høgskule innan nautikk.
  • Alternativt nautisk utdanning i kombinasjon med relevant erfaring. Utdanning skal då famne krava til å løyse kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 1. 
  • Manglande formell utdanning kan i særskilde tilfelle kompenserast med relevant praksis.
  • Praktisk IT-kompetanse i viktige kontorverktøy, samt evna til å lære raskt.
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vil vektleggast.
  • Praktisk erfaring eller teoretisk kunnskap som gjeld ny teknologi vil telja positivt.

Personlige egenskaper:

  • Søkar må vere kundeorientert, sjølvstendig og ansvarsbevisst, systematisk og nøyaktig.
  • Søkar må ha evne til samarbeid og gode framstillingsevner på norsk og engelsk.
  • Vi legg vekt på om søkar er personleg eigna for stillinga. 

Vi tilbyr:

    Sjøfartsdirektoratet tilbyr eit arbeidsmiljø med spennande oppgåver. Vi har stort fokus på ny teknologi, og er ein sterk bidragsytar i gjennomføringa av den grøne skiftet i den maritime næringa. Vi er oppteken av digitalisering av tenestene våre for betre å kunne legge til rette for kundane våre.

    • Godt og utviklande arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
    • Fleksibel arbeidstid, betalt overtid og gode ordningar for avspasering.
    • Retningsliner for fleksibel arbeidsstad.
    • Gode velferdstilbod
    • Stillinga vert avlønna som overingeniør med kr 493.000 - 599.000,- brutto i året. For særleg kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere stilling og avlønning som senioringeniør.
    • For meir informasjon om kva Sjøfartsdirektoratet kan tilby - sdir.no 

    Sjøfartsdirektoratet praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følger opp regjeringas inkluderingsdugnad. Det tyder at vi ønsker velkommen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ymse grunnar ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere. Om du melder frå at du er i ei av desse kategoriane kan opplysningane bli nytta i statistikkføremål (anonymisert). Meir info her.