• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4737339
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 04.10.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Næringsutviklar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger kommune skal tilsetje næringsutviklar i 100 % engasjement over ein prosjektperiode på 3 år.

Me søkjer etter ein ambisiøs og resultatorientert kollega som skal jobbe i skjæringa mellom politikk, administrasjon og næringsliv. Samnanger kommune med sitt mangfald har potensiale til å få ei god utvikling i åra framover. Du får moglegheit til å vere den som er i førarsetet på fleire område for å aktivere og realisere dette potensialet.

Samnanger er nabokommune til Bergen. Køyretid frå kommunesenteret vårt til Bergen sentrum er ca. 40 min. Mange av innbyggjarane i kommunen pendlar til og frå jobb i Bergen og omegn. I tillegg til at ein god del av dei tilsette i kommunen pendlar inn frå omliggande kommunar.

Kommunen skal starte opp arbeid med kommuneplan (både samfunnsdel og arealdel), samt strategisk næringsplan. Du vil få ei sentral rolle i utarbeidinga/gjennomføringa av næringsplanen. Føremål med offensiv planlegging er å utvikle eit berekraftig og sterkt næringsliv for framtida. Samnanger kommune skal posisjonere seg som eit attraktivt og relevant val.

Stillinga er plassert direkte under rådmannen, men forventninga er eit godt og konstruktivt samarbeid med organisasjonen som heilskap.

Tiltreding etter avtale.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Kartleggje og analysere moglegheiter for næringsutvikling både internt i Samnanger og eksternt i regionen.
    Det vil m.a. innebere å utarbeide grunnlag for kva og kvar næringssatssatsing bør finne stad og korleis dette best kan skje.
  • Vere ein aktiv bidragsytar og samarbeidspart for det eksisterande næringslivet i Samnanger
  • Knyte saman og mobilisere interesser som kan bidra til å sikre auka næringsaktivitet – på kort og på lang sikt
  • Vidareutvikle eksisterande næringsinititativ som t.d. Rolvsvåg industriområde, Børdalen (datasenter m.m.), Bjørkheim, Tysse, straumkablar til Nordsjøen m.m.
  • Samarbeid med kommuneadministrasjonen for å spele opp moglegheiter også innfor kommunal sektor
  • Vere ein pådrivar for innovasjon, utvikling og retningsval. Næringssatsinga i Samnanger skal vere berekraftig og framtidsretta
  • Du bidrar med både saksgrunnlag og presentasjonar inn imot politisk nivå


Kvalifikasjonar

Krav:

  • Utdanning på min. bachelornivå, fortrinnsvis på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.
  • Sertifikat kl. B og må disponere eigen bil

Ønskjer: 

  • God innsikt og forståing for regionalt næringsliv
  • Ferdigheiter knytt til kartleggings- og analysemetodikk, evt. forståing for kvifor dette er relevant og korleis ein kan skaffe slikt grunnlag
  • Erfaring med utviklings-/endringsarbeid og omstillingsprosessar – gjerne som leiar


Personlege eigenskapar

  • Aktiv, ambisiøs og sjølvgåande
  • Initiativrik og ressurssterk – skapar moment/framdrift
  • Du er ein nettverksbyggar og finn moglegheiter saman med andre
  • Du har god styrke innan samarbeid, og er kjent med korleis ein samspelar med ulike aktørar, inkludert politisk nivå
  • Du evnar å byggje tillit og sterke relasjonar
  • Du organiserer arbeidet ditt godt, sikrar framdrift og leveransar til rett tid – er systematisk og strukturert

Me vektlegg personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar.

 

Me tilbyr

  • Moglegheit for heimekontor i delar av stillinga
  • Eit fagleg godt arbeidsmiljø med utfordrande arbeidsoppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning i KLP, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    23.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4737339
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 04.10.2022