Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
14.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6177311Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Miljøterapeut natt 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bergtun Bufellesskap yt teneste til 11 bebuarar i bufellesskapet i tillegg til avlastning for barn og unge. Bufellesskapet ligg på Falkhytten, og ein finn alle fasilitetar i gangavstand. Tenesta nyttar alternative turnusordningar med vanleg turnus, langvakter og døgnvakter. Dette gir kontinuitet i drifta, og det er lite turn-over. No har vi ledig stilling som nattevakt, og vi søkjer deg som likar å arbeide i team.
Aukra kommune ligg 25 minutt frå Molde. Her bur ca 3760 innbyggarar, og det tek ein kort ferjetur på 10 minutt å kome seg til øya. Kultur, aktivitetar og friluftsliv er godt tilrettelagt for ei aktiv fritid. Aukra kommune har satsa på nye barnehagar, skolar, omsorgssenter og kulturhus for sine innbyggarar. Det er ein del tilflytting til kommunen, og dei siste åra har talet på innbyggarar auka.
Bergtun Bufellesskap er organisert under institusjonsdrift. Bufellesskapet ligg ikkje langt ifrå Helsesenteret og Aukra Omsorgssenter. Bufellesskap, institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenestene i pleie og omsorg.
Kven søkjer vi
Vi søkjer deg som er autorisert vernepleiar eller har anna relevant høgskoleutdanning. Helsefagarbeidarar kan òg bli vurdert for stillinga. Du må like å arbeide i team, og ikkje vere redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova Kap 9,, ha kunnskap om målretta miljøarbeid, vere fleksibel og løysingsorientert. Du må ha evne til å planlegge arbeidet på ein strukturert måte. Andre eigenskapar du bør ha;
- god kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon
- god evne til å rettleie
- interesse for faget
- sjå nytten av teknologi i tenesta
- digital kompetanse
- beherske norsk skriftleg og munnleg
- personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
Ein arbeidsplass som har motiverte tilsette med interesse for faget
Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utforande arbeidsoppgåver
God opplæring og gode moglegheiter for personelg utvikling
Løn etter HTA
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Stønad til vidare- og etterutdanning via kommunen sitt utdanningsfond og i tråd med kompetanseplana
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
14.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6177311Se her for andre jobber fra Aukra kommune
-
Sjukepleiarar 2 x 100 % fast stilling natt
Aukra kommune
AUKRA -
Lærar, miljørettleiar, assistent og barne- og ungdomsarbeidar
Aukra kommune
AUKRA -
Ferievikar 2025 - Sogndal helse og omsorgssenter
Sogndal kommune
Sogndal -
Ferievikar 2025 - Fysio- og ergoterapistudentar
Sogndal kommune
Sogndal -
Ferievikar 2025 i Balestrand - sjukeheim, heimeteneste, vaskeri og kjøkken
Sogndal kommune
Balestrand